From Wikipedia, the free encyclopedia
Wildlife er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Mott the Hoople.
Wildlife Studioalbum av Mott the Hoople | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mars 1971 | |
Innspelt | November–desember 1970 | |
Studio | Island, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 38:25 | |
Selskap | Island (Storbritannia), Atlantic (USA) | |
Produsent | Mott the Hoople (spor 1, 2, 4, 6-8) Guy Stevens (spor 3) Mott the Hoople/Guy Stevens (spor 5 og 9) | |
Mott the Hoople-kronologi | ||
---|---|---|
Mad Shadows (1970) |
Wildlife | Brain Capers (1971)
|
Albumet vart opphavleg gjeve ut i 1971, i Storbritannia på Island Records og i USA på Atlantic Records. Det nådde 44. plassen på UK Albums Chart i april 1971.[1]
Albumet vart spelt inn i november og desember 1970 i Island Studios i London. Det vart produsert av Guy Stevens og Mott the Hoople. Lydtekniarar var Andy Johns, Brian Humphries og Phill Brown.
Ben Edmonds skreiv for Rolling Stone i juni 1971 at han følte bandet og songaren hadde gått bort frå Bob Dylan-likskapen på dei første to albuma og lagt til ein smak av country. Dei hadde produsert eit album med «meir enn nok solid musikk» som burde gje dei merksemd i Amerika.[2]
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Sidan dei hadde oppnådd lite suksess og verka å køyre av vegen, vart Mott the Hoople oppfordra til å produsere det tredje albumet deira med nokon andre enn Guy Stevens. Til slutt valde dei å produsere albumet sjølv, og skapte eit album som var lystig og slagkraftig, i direkte kontrast til den svøypande tåka på Mad Shadows. Dei enda opp med Wildlife, ei plate som framleis verkar som ein overgang, og som likevel er langt meir sjølvsikker, einskapleg og glederikt.»[3]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Whisky Women» | Mick Ralphs | 3:42 |
2. | «Angel of Eighth Avenue» | Ian Hunter | 4:33 |
3. | «Wrong Side of the River» | Ralphs | 5:19 |
4. | «Waterlow» | Hunter | 3:03 |
5. | «Lay Down» | Melanie Safka | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «It Must Be Love» | Ralphs | 2:24 |
7. | «Original Mixed-Up Kid» | Hunter | 3:40 |
8. | «Home Is Where I Want to Be» | Ralphs | 4:11 |
9. | «Keep a Knockin'» (konsertopptak frå Fairfield Halls i Croydon, 13. september 1970) | Richard Penniman | 10:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «It'll Be Me» | Jack Clement | 2.58 |
11. | «Long Red» | Leslie West, Felix Pappalardi, John Ventura, Norman Landsberg | 3.47 |
Liste (1971) | Plassering |
---|---|
Official Charts (Storbritannia)[4] | 44 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.