amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Leslie West (fødd 22. oktober 1945 som Leslie Weinstein, daud 22. desember 2020) var ein amerikansk rockegitarist, vokalist og låtskrivar. Han er mest kjend for å ha starta hardrockbandet Mountain.
Leslie West | |||
West i Florida Theatre i 2008. | |||
Fødd | 22. oktober 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City i New York i USA | ||
Død | 23. desember 2020 | ||
Dødsstad | Palm Coast | ||
Fødenamn | Leslie Weinstein | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Rock, hardrock, blues-rock, heavy metal | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul Junior Dean Leslie West signature model Electra signature MPC model | ||
Plateselskap | Sony, Blues Bureau International, Lightyear | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
West vart først kjend som sologitarist for The Vagrants, eit lokalt populært band frå Long Island i 1960-åra. Ein av dei første singlane til gruppa vart produsert av Felix Pappalardi, ein bassist som òg produserte Cream. Etter at the Vagrants og Cream vart oppløyst, spelte Pappalardi bass på og produserte debutalbumet til West som soloartist, Mountain (juli 1969). Etter albumet kom ut slo dei to seg saman med trommeslagaren Norman Smart, som etter kort tid vart erstatta av Corky Laing, og klaverspelaren Steve Knight for å danne bandet Mountain. Dei gav ut albuma Climbing! (februar 1970), som selde til gullplate og inneheld hitten «Mississippi Queen», Nantucket Sleighride (januar 1971; selde òg til gullplate) og Flowers of Evil (november 1971). I 1972 slutta Pappalardi i Mountain og gjekk attende til å bli produsent. I 1972 kom Mountain Live (The Road Goes on Forever), og sidan ei samleplate i 1973.
West og Laing slo seg saman med den tidlegare Cream-bassisten Jack Bruce og danna West, Bruce & Laing. Trioen spelte inn to studioalbum, Why Dontcha (oktober 1972) og Whatever Turns You On (juli 1973). Eit konsertalbum, Live 'N' Kickin', kom ut i april 1974. Bruce slutta sommaren 1973, og West og Laing danna ei kort stund Leslie West's Wild West Show. Så vart Mountain starta opp att med West, Pappalardi, Alan Schwartherg (trommer) og Bob Mann (klaverinstrument) og spelte inn eit dobbelt konsertalbum, Twin Peaks (februar 1974) frå Osaka i Japan i august 1973. Dette vart følgd opp med eit nytt studioalbum, Avalanche (juli 1974), av West, Pappalardi, Laing og Knight. Mountain vart så oppløyst igjen, og West starta the Leslie West Band, som gav ut The Great Fatsby (april 1975) (med Mick Jagger på vokal) og The Leslie West Band (1976) (med Mick Jones, som seinare starta Foreigner).
På grunn av narkotikaproblem, trekte West seg attende frå musikken ei tid, kvitta seg med problema og starta opp att Mountain med Laing og bassisten Mark Clarke, då Pappalardi hadde døydde i 1983. Dei gav ut Go for Your Life (mars 1985). Gruppa vart oppløyst igjen og West gav ut Theme (1988), igjen i lag med Jack Bruce. West deltok så på Guitar Speaks (1988) og Night of the Guitar (1989) som var innspelingar av legendariske rockegitaristar for IRS Records-etiketten Illegal. Detneste soloalbumet hans var Alligator (august 1989), etterfølgd av Dodgin' the Dirt (1994). I 1994 slo West og Laing seg saman med den tidlegare Jimi Hendrix Experience-bassisten Noel Redding i ei ny utgåve av Mountain, og spelte inn to songar for samlealbumet Over the Top (1995). Soloalbumet As Phat as It Gets kom i 1999. Etter eit album for Voiceprint, Guitarded, i 2004, gav West ut to bluesalbum for Blues Bureau International, Got Blooze i 2005 og Blue Me i 2006.
West vart innlemma i Long Island Music Hall of Fame i oktober 2006.[1]
West fekk ein fot amputert på grunn av komplikasjonar av type 2 diabetes i juni 2011, men han heldt fram å spele musikk. Han gav ut Unusual Suspects, med gjesteartistane Billy Gibbons, Slash, Zakk Wylde, Joe Bonamassa og Steve Lukather tre månader seinare i september.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.