From Wikipedia, the free encyclopedia
Vienne (frankoprovensalsk Vièna) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Isère i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Vienne | |||
by | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Region | Auvergne-Rhône-Alpes | ||
Departement | Isère | ||
Del av | Isère | ||
Høgd | 169 m | ||
Areal | 22,65 km² | ||
Folketal | 29 930 (1999) | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Postnummer | 38200 | ||
Vienne i Isère 45.525555555556°N 4.8747222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Vienne (Isère) | |||
Vienne var viktig for det tidlege bispesete i det kristne Gallia. Det mest vidkjende biskopen i byen var Avitus av Vienne. Ved kyrkjemøtet i Vienne, som vart halde her i oktober 1311, forbydde pave Klemens V den militære Tempelriddarordenen det påfølgjande året.
Ei bru går frå byen til høgresida av elva Rhône der det industrialiserte området Ste Colombe no okkuperer delar av oldtidsbyen. Her er eit tårn, bygd i 1349 av Philip av Valois for å forsvare den franske sida av Rhône, som må skiljast frå den venstre sida av elva som høyrte til kongedømmet Provence, som var avhengig av det heilage romerske imperiet. Dette sambandet har òg eit ekko i namnet på landsbyen St. Romain en Gal som ligg nordvest for Ste Colombe.
Vienne er mest kjend for sin årlege jazzfestival, som vert halden i det gamle romerske teateret i juli.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.