From Wikipedia, the free encyclopedia
The Black Rider er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1993 på Island Records. Albumet inneheld studioversjonar av songar Waits skreiv for musikalen med same namn, regissert av Robert Wilson og skriven i lag med William S. Burroughs. Musikalen er basert på eit tysk folkeeventyr kalla Der Freischütz, som tidlegare hadde vorte omgjort til ein opera av Carl Maria von Weber.
The Black Rider Studioalbum av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. november 1993 | |
Innspelt | 1989 og 1993 | |
Sjanger | Kabaret Blues Avant-garde Folkemusikk | |
Lengd | 56:08 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Tom Waits | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
The Early Years, Volume Two (1993) |
The Black Rider | Mule Variations (1999)
|
Albumet er kanskje det mest kabaret- og Kurt Weill-aktige Waits har gjeve ut til no, noko ein tydleg kan høyre på tittelsporet, som Waits syng med ein kraftig tysk aksent. Ein finn derimot og musikk som er meir prega av folkemusikk. «Russian Dance» er tradisjonell russisk folkemusikk. Kaizers Orchestra nytta denne songen som intromusikk på konsertane sine i 2006, og understrekte dermed det sterke bandet dei har til Tom Waits. Eit annan folkemusikkinspirert spor er «The Briar and the Rose» som er inspirert av keltisk folkemusikk. Niamh Parsons spelte i 1997 inn songen som ein tradisjonell keltisk ballade på albumet hennar Loosen Up.
Burroughs medverkar med vokal på «'T' Ain't No Sin».
The Black Rider hadde premiere 31. mars 1990 ved Thalia Theater i Hamburg i Tyskland. Den engelskspråklege utgåva hadde premiere i 1998 ved Edmonton International Fringe Festival.
Waits heldt fram samarbeidet med Wilson og dei lagde seinare musikalane Alice (1992) og Woyzeck (2000), og musikken til desse vart gjeve ut på henholdsvis Alice og Blood Money i 2002.
Kona til Waits, Kathleen Brennan, har måla eit av måleria i plateomslaget.
Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd. Songar som vart spelt inn i 1989 i Music Factory i Hamburg i Tyskland er 2, 3, 6–9, 14–16, 19 og 20 og songar som vart spelt i 1993 ved Prairie Sun Recording Studios i Cotati i USA er 1, 4, 5, 10–13, 17 og 18.
Songar som vart spelt i musikalen, men ikkje er på albumet er «Chase the Clouds Away» og «In the Morning».
Hans-Jörn Brandenburg, Volker Hemken, Henning Stoll, Christoph Moinian, Dieter Fischer, Jo Bauer, Frank Wulff og Stefan Schäfer var The Devil's Rhubato Band (Hamburg); Ralph Carney, Bill Douglas, Kenny Wollesen, Matt Brubeck, Joe Gore, Nick Phelps, Kevin Porter, Larry Rhodes, Francis Thumm, Don Neely, Linda Deluca var The Rhubato West Group (San Francisco).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.