Kurt Weill (2. mars 1900–3. april 1950) var ein tysk-amerikansk komponist.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Lukk
Kurt Weill vart fødd i Dessau i Tyskland, og studerte ved musikkhøgskolen i Berlin i 1918 hos E. Humperdinck og R. Krasselt. I åra som følgde var han korepetitør ved teatret i Dessau og musikkdirektør ved operaen i Lüdenscheid samstundes med at han heldt fram med musikkstudia.
På 1920-talet vekte han stor merksemd med moderne sceneverk med revolusjonær tendens. Den største suksessen hans var Dreigroschenoper, med urpremiere i Berlin 1928.
Eit nytt innslag i musikken til Weill var såkalla songs, ei spesiell songform med stilelement frå ulike populære og tradisjonelle musikkformer, tilføydd falske tonar, usymmetriske frasar, uventa pausar og rå instrumentasjon.
Kurt Weill vart gift med songarinna L. Lenya, og saman forlét dei Tyskland då nazistane kom til makta i 1933. I 1935 busette dei seg i New York, og Weill vart USA-amerikansk statsborgar i 1943.
Operaer
- "Der Protagonist" (libretto av Georg Kaiser, 1926)
- "Royal Palace" (libretto av Yvan Goll, 1927)
- "Der Zar lässt sich photographieren" (libretto av Georg Kaiser, 1928)
- "Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny" (libretto av Bertolt Brecht, 1930)
- "Der Jasager" (libretto av Elisabeth Hauptmann og Bertolt Brecht, 1930)
- "Die Bürgschaft" (libretto av Caspar Neher, 1932)
- "Street Scene" (libretto av Elmer Rice og Langston Hughes, 1947)
- "Down in the Valley" (libretto av Arnold Sundgaard, 1948)

Pantomimer, ballettar
- "Zaubernacht" op. 7 (scenarium og songtekst: Wladimir Boritsch, 1922)
- "Die sieben Todsünden" ('sungen ballett', libretto: Bertolt Brecht, 1933)
Operetter
- "Der Kuhhandel" (libretto: Robert Vambery, ikkje fullført, urframført som "A Kingdom for a Cow" i 1935)
- "The Firebrand of Florence" (libretto: Edwin Justus Meyer og Ira Gershwin, 1945)
Pantomimar, ballettar

Teaterstykke med musikk
- "Die Dreigroschenoper" (tekst: Bertolt Brecht, 1928)
- "Happy End" (tekst: Dorothy Lane, pseudonym for Elisabeth Hauptmann, songtekstar av Brecht, 1929)
- "Der Silbersee" (tekst: Georg Kaiser, 1933)
- "Der Weg der Verheißung" / "The Eternal Road" (tekst: Franz Werfel, urframført under sistnemnte tittel i 1937)
Musikalar
- "Johnny Johnson" (1936, tekst: Paul Green)
- "Knickerbocker Holiday" (1938, tekst: Maxwell Anderson) - regi ved urframføringa: Joshua Logan
- "Lady in the Dark" (1941, tekst: Moss Hart og Ira Gershwin)
- "One Touch of Venus"(1943, tekst: Sidney Joseph Perelman og Ogden Nash)
- "Lost in the Stars" ("Musical Tragedy", 1949, tekst: Maxwell Anderson)
Kantatar (for kringkastinga)
- "Das Berliner Requiem" (tekst: Bertolt Brecht, 1929)
- "Der Lindberghflug" (tekst: Bertolt Brecht, første versjon 1929 med musikk av Paul Hindemith og Weill, andre versjon også 1929, med musikk utelukkande av Weill)
- "The Ballad of Magna Carta" (tekst: Maxwell Anderson, 1940)
Instrumentale verk
- Strykekvartett i h-moll (utan opustal), 1918
- 2. strykekvartett op. 8, 1923
- Konsert for fiolin og blåseorkester op. 12, 1925
- 1. symfoni, 1921
- 2. symfoni, 1934
Songsyklusar
- "Frauentanz", songsyklus for sopran og fem instrument (etter mellomalderdikt), 1923
- "Stundenbuch", songsyklus for baryton og orkester (Rainer Maria Rilke, 1923)
- "Three Walt Whitman Songs", seinare "Four Walt Whitman Songs" (1942–47)