From Wikipedia, the free encyclopedia
Svetlana Vjatsjeslavovna Nagejkina (fødd 2. februar 1965) er ein tidlegare langrennar frå Tambov som etter tur tevla for Sovjetunionen, Russland og Kviterussland. Ho vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett med Sovjetunionen i 1988.
Svetlana Nagejkina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland, Belarus |
Fødd | 2. februar 1965 (59 år) Tambov |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Nagejkina debuterte i verdscupen i langrenn med ein sjetteplass på ein 20 km i Oberstdorf i februar 1986. Under Vinter-OL 1988 i Calgary var ho med i medaljekampen på både 10 km og 5 km, og gjekk den fyrste etappen i 4 x 5 km stafett for Sovjetunionen, ein stafett der lagvenninnene Nina Gavriljuk, Tamara Tikhonova og Anfisa Reztsova etter kvart tok laget inn til ein suveren siger.
Nagejkina sin einaste triumf i eit verdscuprenn kom då ho gjekk til topps på ein 10 km i Bohinj den 25. februar 1990. Sigeren var med på sikre henne fjerdeplassen i verdscupen i langrenn 1990, i det som vart hennar beste sesong.
Sesongane 1993-2001 var Nagejkina med på det sterke russiske kvinnelandslaget. Gjennom alle desse åra stod ho i skuggen av utøvarar som særleg Larisa Lazutina, Jelena Välbe og Ljubov Jegorova, så ho måtte ofte sjå seg vraka til dei store meisterskapstevlingane. To fjerdeplassar under Ski-VM 1999 i Ramsau var hennar største prestasjonar i perioden.
Etter 2001-sesongen melde Nagejkina overgang til Kviterussland. Under vinterleikane 2002 overraska ho, 37 år gammal, ved lenge å blande seg inn i medaljestriden på 15 km fellesstart, der ho enda på femteplass.
I tida 1988-99 deltok Nagejkina på ti vinnarlag i stafettevlingar i verdscupen, to som representant for Sovjetunionen, dei resterande åtte som utøvar for Russland. Både i 2000 og 2002 vann ho kvinneklassa i Vasaloppet. Ho la opp i 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.