From Wikipedia, the free encyclopedia
Larisa Jevgenjevna Lazutina, tidlegare Larisa Jevgenjevna Ptitsyna (fødd 1. juni 1965) er ein sovjet-russisk tidlegare langrennsløpar frå Kondopoga i Karelia. Mellom 1987 og 2001 vann ho elleve gullmedaljar i sju ulike verdsmeisterskap på ski. Og i perioden 1992-98 sikra ho seg fem gullmedaljar i dei olympiske vinterleikane. Ni av dei seksten gullmedaljane kom i stafettevlingar. I alt fekk ho 22 VM- og OL-medaljar (16-3-3), etter 16 år som aktiv på toppnivå.
Larisa Lazutina | |
Verkeleg namn | Лариса Евгеньевна Лазутина, opphavleg Птицына |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 1. juni 1965 (59 år) Kondopoga |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001 |
Utmerkingar | Helt av Den russiske føderasjon, Holmenkollmedaljen, Ordenen folkenes vennskap, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet |
Larisa Ptitsyna vann si fyrste internasjonale medalje då ho gjekk for Sovjetunionen sitt vinnarlag på 4×5 km stafett under ski-VM 1987 i Oberstdorf. Seinare i same meisterskapen tok ho si fyrste medalje, ein bronse, på 20 km i klassisk stil. To år seinare tok ho VM-sølv på 30 km i Lahti, slått med åtte sekundar av landsmannen Jelena Välbe.
I 1990 gjekk Lazutina, som ho då heitte etter å ha gifta seg med langrennaren Gennadij Lazutin, heilt til topps i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho skulle gjenta i 1998-sesongen. Ho fekk si fyrste olympiske medalje på stafetten under OL 1992 i Albertville, ein gullmedalje til fire russiske kvinner som gjekk for den oppløyste Sovjetunionen.
Frå 1993 tok Lazutina jamnt rikeleg for seg av medaljane i dei store meisterskapane. Med Russland fekk ho sju strake triumfar på 4×5 km stafett; VM-gull 1993, OL-gull 1994, VM-gull 1995 og 1997, OL-gull 1998, VM-gull 1999 og 2001. Elles vart ho verdsmeister på 5 km i klassisk stil både i 1993 og 1995, vinnar av jaktstarten i VM 1995 og OL 1998, samt 15 km under VM 1995 og 30 km i VM 2001, begge i klassisk stil.
Lazutina vann fem medaljar under OL 1998 i Nagano, tre gull, ein sølv og ein bronse. Ho tok fire medaljar under ski-VM 1995 i Thunder Bay, samtlege i gull, og tre (2-1-0) medaljar under ski-VM 1993 i Falun.
I 1998 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes som Fred Børre Lundberg, Harri Kirvesniemi og Aleksej Prokurorov fekk medaljen.
Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Lazutina tildelt sølvmedaljar på 10 km jaktstart og 15 på km. Etter positive dopingtestar, som vart gjort kjend straks føre stafettevlinga over 4×5 km, vart ho utestengd frå å tevle og seinare frådømt dei to sølvmedaljane. Ho la deretter opp.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.