From Wikipedia, the free encyclopedia
Aleksej Aleksejevitsj Prokurorov (25. mars 1964–10. oktober 2008) var ein russisk langrennsløpar frå landsbyen Misjino i Vladimir oblast. Han vann mellom anna OL-gull på 30 km klassisk i 1988, gull på 30 km fri under VM i 1997 og femmila i Holmenkollen i 1993 framfor Gudmund Skjeldal. I 1998 vart han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Fred Børre Lundberg, Harri Kirvesniemi og Larisa Lazutina. Han la opp etter 2001/2002-sesongen.
Aleksej Prokurorov | |
Verkeleg namn | Алексей Алексеевич Прокуроров< |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 25. mars 1964 Misjino |
Død | 10. oktober 2008 (44 år) Vladimir |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen, Ordenen folkenes vennskap, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Prokurorov døydde 10. oktober 2008 då han vart påkøyrd av ein bil nær jernbanestasjonen i Vladimir i Russland.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.