From Wikipedia, the free encyclopedia
Nina Vasiljevna Gavriljuk (fødd 13. april 1965) er ein russisk tidlegare langrennar frå Leningrad som vann ni gullmedaljar i 4 x 5 km stafett med Sovjetunionen og seinare Russland. I tida 1987-2003 sikra ho seg i alt elleve VM-medaljar og fire OL-medaljar.
Nina Gavriljuk | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 13. april 1965 (59 år) St. Petersburg |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 1988, Ski-VM 1989, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003 |
Utmerkingar | 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen |
Gavriljuk stod mest heile si lange tid som langrennsløpar i skuggen av utøvarar som Larisa Lazutina, Jelena Välbe, Ljubov Jegorova og Olga Danilova. Samstundes drog ho nytte av å vere på lag med ei eller fleire av dei i stafettevlingane. Ho var såleis med å vinne VM-gull 1987 og OL-gull 1988, men fekk ikkje gå nokon etappe i meisterskapane i åra 1989-92. Frå 1993 til 2001 var ho derimot fast på Russlands lag i 4 x 10 stafett, eit landslag som vann samtlege sju stafettgull i perioden.
Individuelt tok Gavriljuk si fyrste medalje under vinterleikane 1994 på Lillehammer, der ho vart nummer tre på 15 km. Året etter vann ho to sølvmedaljar då Ski-VM 1995 fann stad i kanadiske Thunder Bay. Både på 5 km og den etterfylgjande jaktstarten vart ho klart slått av landskvinna Larisa Lazutina. Gavriljuk var særleg flink i fristiltevlingar, og sikra seg bronsen i 15 km jaktstart under verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim. To år etter tok ho sølvmedaljen i same øvinga ved Ski-VM 1999 i Ramsau, eit lite halvminutt bakom Stefania Belmondo frå Italia.
I tida frå desember 1994 til desember 1999 vann Gavriljuk fem renn i Verdscupen i langrenn. Gjennom 1995-sesongen sanka ho 840 poeng i verdscupen, noko som gav henne andreplassen, 220 poeng bakom landskvinna Jelena Välbe.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.