From Wikipedia, the free encyclopedia
Olga Valerjevna Danilova (fødd 6. oktober 1970) er ein russisk tidlegare langrennar frå Bugulma som vart olympisk meister på 15 km i 1998 og i tida 1995-2001 vann fire VM-gull og eitt OL-gull i stafettevlingar med Russland. I alt vann ho 14 medaljar (6-5-3) i ulike ski-VM og under Vinter-OL 1998.
Olga Danilova | |
Verkeleg namn | Ольга Валерьевна Данилова |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 10. juni 1970 (54 år) Bugulma |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001 |
Utmerkingar | 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden |
Danilova fekk sitt gjennombrot i 1995-sesongen då ho vart nummer fire i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho kopierte i 2000-sesongen. Frå Ski-VM 1995 til Ski-VM 2001 gjekk ho på alle dei russiske laga i stafett, lag som stod for ei ubroten meisterrekke. Høgdepunktet for Danilova kom under Vinter-OL 1998 i Nagano, der ho vann gullmedaljen på 15 km i klassisk stil fem sekundar framom landskvinna Larisa Lazutina. På den følgjande jaktstarten bytta dei to plass på sigerspallen, men på stafetten var samam om å vinne OL-gull nummer to.
Under Ski-VM 1999 i Ramsau sikra Danilova seg sølvmedalje i begge dei to klassisk-tevlingane, slått av høvesvis Bente Martinsen på 5 km og nemnde Lazutina på tremila. To år seinare tok Danilova på ny sølvmedaljane i klassisk-tevlingane då Ski-VM 2001 fann stad i Lahti, og fekk elles ein bronse på 10 jaktstart og sitt fjerde gullmedalje i 4 x 5 km stafett.
Danilova vann i alt fire renn i verdscupen, alle i tida desember 1998 til januar 2002.
Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Danilova kåra til vinnar på jaktstarten, dagen etter ho vart tildelt sølv på 10 km klassisk. Straks etter testa ho positivt i dopingkontroll, og vart utestengd frå leikane. Og i 2004 vart ho frådømd begge medaljane ho var tildelt i Salt Lake City.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.