Strandsnipe
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Strandsnipa (Actitis hypoleucos) er ein euroasiatisk vadar i familien sniper.
Strandsnipe | |
Strandsnipe | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Strandsnipe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Actitis |
Art: | Strandsnipe A. hypoleucos |
Vitskapleg namn | |
Actitis hypoleucos |
Kragen og øvre delen av sidene på halsen er brungrå, med svarte flekkar og tverrstriper. Ryggen og vengane er gråbrune med ein bronseglans. Eit kvitt band bak på vengane er godt synleg når fuglen flyg. Undersida er kvit, stjerten brungrå. Stjerten når eit stykke bakom dei samanlagde vengespissane når fuglen sit. Lengda på fuglen er 20–22 cm og vengespennet 38–41 cm.
Fuglen brukar ofte den karakteristiske lokkelæta, ein vemodig pipande låt som gjerne vert uttrykt i fire-fem stavingar. Låten sekk i toneleie for kvar staving og kan skrivast «hi-diii-dii-dii».
Strandsnipa er livleg, forsiktig og sky, og spring omkring på marka med trippande steg, eller sit på steinar som stikk ut i vasskanten. Når ho sit vippar ho ofte opp og ned med stjerten, nesten som ei erle. Ofte flyg ho med nedbøygde, vibrerande vengespissar tett over vassflata, samstundes som ho tek opp att sin drillande låt fleire gongar. Strandsnipa er svært sjeldan å sjå i flokk.
Strandsnipa er ein trekkfugl som hekker over store delar av Europa og Asia. Ho overvintrar i Afrika, det sørlege Asia og Australasia. Ein nærståande art, flekksnipe, held til i Amerika.
Strandsnipa er den vanlegaste vadefuglen i landet, både med omsyn til utbreiing og tal. Truleg hekkar 150 000 par i Noreg. Talet på fuglar minkar både nordom polarsirkelen og ovanfor bjørkebeltet.[2] Fuglen trivst både ved stilleståande sjøar og vatn, og ved sakteflytande eller raskt flytande elvar og bekkar, som gjerne kan vere små. Terrenget rundt spelar lite rolle, men ho krev faste breidder med berg eller sand, eller oppstikkande steinar. Til fjells kan ho også halde til i meir myrlende strok. Aller best liker strandsnipa klare, relativt hurtigstrøymande små elver. Også ved saltvatn er strandsnipa vanleg mange stader.
Strandsnipa legg fire 36 mm lange egg i slutten av mai og i juni. Desse er gulkvite med mykje flekkar i brunt og oskegrått. Reiret vert plassert på marka, oftast nær men iblant ganske langt frå vatn. Ungane går frå reiret straks dei er klekte.
Dei norske strandsnipene reiser langt og overvintrar i Afrika. Også i vinterkvartera held dei seg ved rennande vatn. Fuglane flyg sørover i august og kjem attende tidleg i mai.
Denne består av makkar, insekt og larvene deira, som ho plukkar på stranda eller fangar i flukta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.