From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Málaga (eller Vélez-Málaga) var det største sjøslaget i den spanske arvefølgjekrigen. Det fann stad den 24. august 1704, sør for Málaga i Spania.
Slaget ved Málaga | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Malaga av Isaac Sailmaker. Olje på lerret, 1704. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike[1] Spania |
England Dei sameinte Nederlanda | ||||||
Kommandantar | |||||||
Comte de Toulouse Victor-Marie d'Estrées |
George Rooke | ||||||
Styrkar | |||||||
50 krigsskip 6 fregattar (3577 kanonar) 24 275 mann |
53 linjeskip 6 fregattar 7 brannskip 28 galeiar (3614 kanonar) 22 543 mann | ||||||
Tap | |||||||
1600 døde eller skadde | 2700 døde eller skadde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Mindre enn ei veke etter erobringa av Gibraltar, fekk admiral George Rooke melding om at ein fransk flåte under Toulouse og d'Estrées var på veg mot Gibraltar. Han forlet halvparten av marinesoldatane sine for å forsvare Gibraltar og sette av stad med den samle engelsk-nederlandske flåten sin for møte franskmennene.
Utfallet av slaget som følgde, slaget ved Vélez-Málaga, var uavgjort. Ikkje eit einaste fartøy vart søkkt eller kapra på nokon av sidene, men bombardementa førte til at mange skip berre så vidt var sjødyktige og mange mann gjekk tapt på begge sider. Sidan franskmennene og britane møtte kvarandre to dagar seinare, den 26. august, valde dei til slutt å ikkje gå til strid mot kvarandre. Sidan britane hadde langt høgare tap og fleire øydelagde skip, særleg mastene, tolka franskmennene varsemda til britane som ein generell siger. Skvadronen til Byng, hadde nytta så mykje ammunisjon i det tidlegare bombardementet av Gibraltar, at dei måtte gå ut av linja.
Franskmennene vendte attende til Toulon og gjorde krav på sigeren. Men ved å trekkje seg attende til Toulon vendte franskmennene i røynda det som hadde vore eit taktisk dødpunkt til ein strategisk siger for den engelsk-nederlandske flåten, fordi etter slaget ved Vélez-Málaga kom ikkje den franske marinen ut att frå Toulon i full styrke.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.