From Wikipedia, the free encyclopedia
Omleiringa av Lille (12. august - 10. desember 1708) var viktigaste operasjonen i 1708 under den spanske arvefølgjekrigen. Etter eit standhaftig forsvar i 120 dagar, kapitulerte den franske garnisonen i byen og festninga Lille, kommandert av marskalk Boufflers, for styrkane til Hertugen av Marlborough og prins prins Eugene.
Omleiringa av Lille | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Dei sameinte Nederlanda Storbritannia Habsburg-Austerrike |
Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Eugene av Savoie, Hertugen av Marlborough |
Duc de Boufflers | ||||||
Styrkar | |||||||
35 000 kringsetjarar, 75 000 i nærleiken[2] |
16 000 i garnisonen, 100 000 i nærleiken[2] | ||||||
Tap | |||||||
16 000 døde eller skadde[3] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Omleiringa var kjende bland samtidige for l'affaire des poudres («kruthendinga»), der Chevalier de Luxembourg med 2 000 kavaleristar passerte gjennom dei allierte linjene og klarte å levere 40 000 pund krut til forsvararane.[2]
Omleiringa var mogeleg fordi ein fransk arme vart utsletta i slaget ved Oudenarde og ved at ein førte i land ved Ostend store mengder ammunisjon og mat etter slaget ved Wijnendale. Under det meste av felttoget kommanderte Eugene styrken som kringsette Lille, medan Marlborough kommanderte styrkane som dekte desse mot franskmennene i området. I ein kort periode seint i september, etter at Eugene vart skadd den 21., tok Marlborough kommandoen over både kringsetjarane og dekningsstyrken.
Den 22. oktober gjekk dei allierte inn i byen med enorme tap, 12 000 mann. Boufflers heldt fram motstanden frå citadellen i Lille i fleire veker, og påførte dei allierte ytterlegare tap på 4 000 mann.[4] Medan den dyktige manøvreringa til dei allierte frustrerte franskmennene som prøvde å redde den dyrebare festninga—den siste viktige franske bastionen nord i Flandern—førte det heltemodige forsvaret til Boufflers at omleiringa varte godt inn i vinteren, fram til at ein ikkje lenger kunne utføre tokt mot Frankrike det året.[5] Det franske forsvaret i Lille trekte seg attende med full krigsære.
Med tapet av Lille forsvann det franske nærværet i Nord-Flandern, og dei allierte vendte seg mot Gent, og tok byen seint i desember. Ein invasjon Frankrike sommaren etter langs den opne korridoren gjennom Lille, stogga derimot opp med det blodige slaget ved Malplaquet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.