Sjøfuglar er fuglar som har tilpassa levemåten til det marine miljøet. Jamvel om sjøfuglar varierer mykje i levemåte, åtferd og fysiologi, demonstrerer dei ofte konvergerande evolusjon. Med felles miljøutfordringar, og nisjar i næringstilgang har sjøfuglar med høgst ulike utgangspunkt utvikla likskap i tilpassingar til miljøet. Dei første sjøfuglane utvikla seg i krittida, og moderne sjøfuglfamiliar oppstod i paleogen.
Ein har data på at individ av sjøfuglar generelt har lengre levealder enn andre fuglar,[1] dei har lågare reproduksjonsrate enn andre fuglar ved at dei har sein kjønnsmodning, får mindre kull og mislukkast i hekkesesongar med svak næringstilgang, men dei investerer mykje tid omsut for ungane. Dei fleste sjøfuglartar hekkar i koloniar som kan variere i storleik frå nokre titals par til mange millionar. Mange av artane er kjente for å gjennomføre lange årlege migrasjonar, kryssar ekvator eller tar jordomflyging i somme fall. Sjøfuglar tar føde både på havoverflata og under overflata, og somme er sjølv føde for større artar. Sjøfugl kan leve mykje pelagiske, vere kystnære, eller i nokre tilfelle opphalde seg heilt borte frå havet i delar av året som det til dømes symjesnipene gjer.
Menneske har over lang tid tatt føremon av sjøfuglar. Fuglane har gjeve mat til jegerar, rettleia fiskarar mot fiskestimar og vist sjøfolk vegen mot land. I dag er mange av artane trua av menneskelege aktivitetar, og vernearbeid er i gang for å motverke trugsmåla.
Klassifikasjon
Det finst ikkje semje om ein definisjon av kva grupper, familiar eller einskilde artar som utgjer gruppa sjøfuglar, og dei fleste definisjonane er på eit eller anna sett vilkårlege. Sitat frå to forskarar, omsett frå engelsk:
- «Eit felles kjenneteikn for sjøfuglar er at dei alle finn føde i saltvatn, men som for alle reglar i biologien, somme sjøfuglar gjer det ikkje.»[2]
Etter Schreiber & Burge, 2001,[2] er alle pingvinar og stormfuglar, alle pelikanfuglar unntatt slangehalsar, og dessutan joar, måsar, terner og alkefuglar i ordenen Charadriiformes med i omgrepet 'seabirds'. Vanlegvis tar ein òg med symjesnipene, Phalaropus fordi to av dei tre artane lever på opent hav i ni månader av året, og kryssar ekvator for å ta pelagisk føde.
Lommar og dykkarar, som hekkar på innsjøar, men lever på sjøen om vinteren, er heller kategorisert som vassfuglar, ikkje sjøfuglar. Ei rekkje marine ender i familien Anatidae lever på sjøen om vinteren, men etter konvensjonen er dei vanlegvis utelukka frå sjøfuglgruppa.
Omgrepet sjøfuglar brukt i norsk forvalting
I norsk oljevernberedskap og i kartlegging av sjøfugl som bifangst ved fiske har ein nytta det sokalla MOB-konseptet med inndeling av sjøfuglar i økologiske grupper.[3][4][5] Etter denne inndelinga vil omgrepet sjøfuglar femne om alle fuglegrupper som har habitat på sjøen. I tillegg til dei heilt pelagiske artane tar ein med kystbundne artar, vadefuglar og åtseletarar i strandsona. Dessutan skil ein mellom artane som dukkar etter føda og dei som tar føda i overflata. Lista frå MOB-konseptet lagt til den opphavlege konvensjonen gjev denne mengda av grupper og artar som går inn i omgrepet sjøfuglar:
Pelagiske sjøfuglar, lever det meste av tida på opent hav |
Kystbundne sjøfuglar | ||
---|---|---|---|
Pelagisk dukkande | Pelagisk overflatebeitande | Kystbundne dukkande | Kystbundne overflatebeitande |
|
|
|
Åtseletarar
Vadefuglar i strandsona
|
(k) - Fuglar som inngår i definisjonen av «Seabird» (etter konvensjon) på engelsk Wikipedia.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.