fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Slangehalsar er fire artar hovudsakleg tropiske vassfuglar som gjer ut for slekta Anhinga. Dette er òg einaste slekta i familien Anhingidae. Av dei fire nolevande artane er tre svært vanlege og utbreidde innanfor utbreiingsområdet sitt, medan den fjerde er sjeldnare og klassifisert som nær truga av IUCN. Dette er skarveliknande fuglar med lang hals som sym djupt i vassflata og lever av fisk. Utbreiingsområdet er grovt rekna tropiske delar av Amerika, Afrika sør for Sahara, India, Søraust-Asia og Australia. Dei er nære slektningar av familien skarvar som dei ofte vert klassifisert saman med.
Slangehalsar | |
Amerikaslangehals, Anhinga anhinga Foto: Alastair Rae | |
Utbreiing | |
Verdsdistribusjonen for alle artar av slangehals samla. Kjelde: IUCN Red List | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Slangehalsar Anhingidae Reichenbach, 1849 |
Slangehalsane er store fuglar som syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt. Dei måler ca. 80 til 100 cm i kroppslengd, har eit vengespenn rundt 120 cm, og veg om lag 1050 til 1350 gram. Hannen har svart og mørk brun fjørdrakt, ein kort oppreist fjørtopp på nakken og eit større nebb enn hofuglen. Hoene har ei mykje bleikare fjørdrakt, spesielt på halsen og undersida, og ho er litt større enn hannen. Begge har gråfarga strekar på dei lange skulderfjørene og på øvre vengedekkarar. Dei sylkvasse nebba har tagga kantar, eit samanvakse ganebein og manglar ytre nasebor. Slangehalsane har komplett symjehud, og beina er korte og festa langt bak på kroppen.[1]
Fjørdrakta endrar seg ikkje, men dei nakne hudpartia varierer i farge gjennom året. I hekketida endrar dei små strupeposane seg frå rosa eller gul til svart, og den nakne huda i andletet, som vanlegvis er gul eller gulgrøn, slår over til turkis. Iris varierer sesongmessig mellom gult, raudt eller brunt. Ungane er nakne når dei blir klekte, men snart får dei kvit eller lys gulbrun dun.[2]
Lætet inkluderer ein klikkelyd eller rasling i flukt eller når dei sit. I hekkekoloniane vil vaksne kommuniserer med 'kvekk', 'grynt' eller 'skrangling'. Under hekking kan vaksne fuglar nokre gonger gje eit 'krak', sukking eller kvesande læte. Ungane kommuniserer med kvin eller skrikande læte.[2]
Slangehalsane er for det meste tropiske, distribusjonen strekkjer seg inn i subtropiske og så vidt inn i nokre varme tempererte område. Dei lever vanlegvis i innsjøar, elver, myrer, sumpar, og blir meir sjeldan funne langs kysten i brakkvatn ved elvemunningar, bukter, laguner og mangrovar. Storparten av populasjonane er standfuglar, men dei som lever i dei kaldaste områda kan trekke likevel. Dei har ein tendens til å samle seg i flokkar - nokon gonger opp til ca. 100 fuglar - og ofte saman med storkar, hegrar eller ibisar.
Slangehalsane beiter hovudsakleg på mellomstor fisk og langt meir sjeldan et andre vasslevande virveldyr og store virvellause dyr.[2] Under dukking brukar dei symjeføtene som framdrift, snik seg langsamt inn på byttedyr og spiddar det med nebbet, ulikt andre dukkande fuglar. Dei dukkar ikkje djupt, og nyttar seg av låg oppdrift gjort mogleg av ein fuktig fjørdrakt med lite luft og dei beinmasse med relativt stor tettleik.[3] På undersida av nakkevirvel 5-7 finst ein struktur med muskelfeste som dannar ein hengsel-liknande mekanisme som kan kaste fram halsen, hovudet og nebbet som eit spyd. Etter at slangehalsen har stukke ein fisk, kjem han opp til overflata kor han kan kaste byttet opp i lufta for å snu det, slik at det går ned svelget med hovudet først. Som skarvar, har slangehalsar ein redusert gumpkjertel og fjørdrakta blir våt under dukking. Nett som skarvar, sit òg slangehalsane og spreier vengene ut for å tørke fjørene.[2]
Dette er fuglar som hekkar i koloniar, i blant saman med skarvar eller hegrar. Dei er monogame, i det minste gjennom ein hekkesesong. Slangehalsane har ulike typar av oppvisingar i samband med kurtisering. Hannar tiltrekkjer seg hofuglar ved å løfte opp vengene for å vinke med dei i eit vekslande utsjånad, dei bukkar og knipsar nebba, eller gjev kvistar til potensielle partnarar. For å styrke parsambanda, gnir eller viftar para nebba sine, peikar opp med dei eller bøyer nakken synkronisert. Når ein partnar kjem for å avlaste den andre under ruging på reiret, nyttar dei same oppvisingane, då kan fuglane òg «geispe» mot kvarandre.[4]
Hekkesesongen kan toppe seg i mars til april den nordlege delen av utbreiingsområdet, men andre stadar kan dei hekke til alle årstider. Reira er laga av kvister og fôra med blad; dei er bygde i tre eller siv, i nærleiken av vatn. Vanlegvis samlar hannen reirmaterialar, leverer det til hofuglen, som gjer mesteparten av sjølve byggearbeidet. Reirbygginga tar berre nokre få dagar, ca. tre dagar, og para parar seg på reiret. Storleiken på kullet er to til seks egg, vanlegvis rundt fire. Egga har ei bleikgrøn farge og blir ruga i 25 til 30 dagar, med start etter første egget er lagd, det vil seie at klekkinga skjer asynkront. Ettersom slangehalsane manglar rugeflekk på brystet, dekkjer foreldra egga dei med store symjeføtene. Den yngste ungen vil vanlegvis svelte i år med lite tilgjengeleg føde. Foreldra gjev omsut for ungane, føda er oppgulp av delvis fordøydd mat første tida, seinare heil fisk. Etter at ungane er flygedyktige seks til sju veker etter klekking, blir dei framleis mata i ca. to veker medan dei lærer å jakte sjølve.[5]
Desse fuglane blir kjønnsmodne etter ca to år, og generelt lever dei til rundt niårs-alderen. Den maksimale levetida for ein slangehals synast å vere omtrent seksten år.[6]
Skjeggslangehals er ein nær truga art. Øydelegging av habitat saman med anna uro og inngrep frå menneske, som til dømes egginnsamling og spreiing av plantevernmiddel, er dei viktigaste årsakene til sviktande populasjonar.[7]
Anhinga er avleidd frå tupi ajina (òg skrive áyinga eller ayingá), som i lokal mytologi refererer til ein vondkyndt, demonisk skogsand; òg ofte omsett til «djevelfugl». Namnet vart endra til anhinga eller anhangá då det vart overført til det tupi-portugisiske språket língua geral. I ettertid har omgrepet blitt brukt som nemning for den moderne slekta Anhinga som heilskap.[8]
Slektsnamnet Anhinga blir òg brukt som artsnamn på arten amerikaslangehals, A. anhinga i engelsk språk.
Omgrepet «slangehals» refererer til den lange, tynne halsen, som har ein slangeliknande utsjånad når dei sym med kroppen djupt i vasskorpa, eller når para vrir halsane ved kurtisering. I engelsk språk blir både snakebirds og darters nytta, sistnemnde refererer til dugleiken til å spidde fisk med det tynne, spisse nebbet.
Slangehalsar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.