sideelv til Ibar From Wikipedia, the free encyclopedia
Sitnica (albansk Sitnicë, serbisk skrift Ситница) er ei 90 km lang elv i Kosovo. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica og er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Kosovo.
På 1300-talet, under regjeringstida til kong Milutin, vart det grave ut ein kanal mellom Sazlija og elva Nerodimka. Dette skapte ei kunstig forgreining, og sidan den gong har Nerodimka rend sørover og ut i Lepenac, slik at ho høyrer til nedslagsfeltet til Egearhavet i staden for Svartehavet, som Sitnica og Ibar. Etter den andre verdskrigen vart kanalen dekt med jord igjen.
Sitnica spring ut frå Sazlija, nord for byen Uroševac. Sitnica er den største elva på Kosovosletta og renn vest for hovudstaden Pristina. Ho munnar ut i Ibar ved Kosovska Mitrovica med ei middelvassføring på 9,5 m³/s.
Elva er relativt slak og drenerer eit område på 3129 km². Det totale fallet hennar er om lag 60 meter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.