From Wikipedia, the free encyclopedia
Mitrovica (serbisk Косовска Митровица, Kosovska Mitrovica) eller Sør-Mitrovica er ein by og ein kommune i distriktet Mitrovica i Kosovo. Ved folketeljinga i 2024 hadde kommunen 64 680 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Mitrovica | |||
Косовска Митровица • Kosovska Mitrovica • Sør‑Mitrovica | |||
by | |||
Kveld i Mitrovica | |||
|
|||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Mitrovica | ||
Koordinatar | 42°52′56″N 20°51′58″E | ||
Areal | 350 km² | ||
Folketal | 64 680 (2024[1]) | ||
Borgarmeister | Bedri Hamza | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Postnummer | 40000 | ||
Retningsnummer | 383 (0) 28 | ||
Bilnummer | 02 | ||
Mitrovica 42.883333333333°N 20.866666666667°E | |||
Kart som viser Mitrovica.
| |||
Wikimedia Commons: Mitrovica, Kosovo | |||
Nettstad: kk.rks-gov.net/mitroviceejugut | |||
Den noverande kommunen Mitrovica bygger på den tidlegare kommunen med same namn i distriktet Kosovska Mitrovica i den autonome regionen Kosovo og Metohija under serbisk styre.
Med utgangspunkt i lov nr. 03/L-041 av 02.06.2008[2] vart den nordlege delen av byen i 2013 skild ut som ein eigen kommune, Nord-Mitrovica, stadfesta av Ministeriet for lokal administrasjon 16. mai 2014. Den nye kommunen omfatta òg dei to busetnadene Suhodoll i Epërm (serbisk Горњи Суви До, Gornji Suvi Do) og Suhodoll i Poshtëm (serbisk Доњи Суви До, Donji Suvi Do).[3]
Folketeljinga i 2011 vart boikotta i den nordlege delen av kommunen som seinare er skild ut. Den delen av kommunen som det vart registrert tal frå, hadde 71 909 innbyggjarar.[4] Dei største busetnadene var:
Folketal 2011[5] | |
---|---|
Mitrovica | 33 904 |
Zhabar i Poshtëm | 7 394 |
Shipol | 4 834 |
Kçiq i Madh | 3 412 |
Vaganicë | 2 000 |
Koshtovë | 1 702 |
Shupkovc | 1 518 |
Kçiq i Vogël | 1 348 |
Bajgorë | 1 098 |
Zhabar i Epërm | 1 070 |
Stantërg | 1 042 |
Broboniq | 1 023 |
Tunel i Parë | 1 006 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.