song From Wikipedia, the free encyclopedia
«Save the Last Dance for Me» er ein song skriven av Doc Pomus og Mort Shuman, først spelt inn i 1960 av Ben E. King og The Drifters.
Save the Last Dance for Me Singel av The Drifters frå albumet Save the Last Dance for Me | ||
B-side |
«Nobody But Me» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1960 | |
Innspelt | 1958–1960 | |
Sjanger | R&B, pop | |
Lengd | 2:34 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Mort Shuman, Doc Pomus | |
Tekstforfattar | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Låtskrivar(ar) | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Produsent | Jerry Leiber, Mike Stoller | |
The Drifters-kronologi | ||
«Lonely Winds» (1960) |
Save the Last Dance for Me | «I Count the Tears» (1960)
|
The Drifters sin versjon av songen låg tre veker på toppen av den amerikanske poplista, i tillegg til ei veke på toppen av den amerikanske R&B-lista.[1] I Storbritannia nådde singelen andreplassen i desember 1960.[2] Denne versjonen var produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller, to kjende amerikanske plateprodusentar som på den tida hadde med seg den då ukjende Phil Spector i lære. Sjølv om han arbeidde med Leiber og Stoller på den tida, er det ukjend om Spector var med på produksjonen av denne innspelinga, men fans av Spector har merka seg likskapar mellom denne innspelinga og anna musikk han sidan produserte på eiga hand.[3] Damita Jo hadde ein hit med ein av dei svarsongane på denne tida kalla «I'll Save The Last Dance For You».
I songen fortel forteljaren til kjærasten sin at ho er fri til å mingle og snakke med kven som helst gjennom kvelden, men den siste dansen må ho danse med han.[4] Under eit intervju på Elvis Costello-showet Spectacle, sa Lou Reed, som arbeidde med Pomus, at songen var skriven på bryllupsdagen til Pomus medan han sat i rullestol og såg brura si danse med gjestene. Pomus hadde polio og brukte stundom krykkjer for å kome seg rundt.[5] Musikarar på Drifters-innspelinga var Bucky Pizzarelli, Allen Hanlon (gitar), Lloyd Trotman (bass) og Gary Chester (trommer).
Emmylou Harris spelte inn songen i ein country/bluegrass-stil i 1979 og gav han ut på Blue Kentucky Girl. Han vart òg gjeven ut på singel, og versjonen hennar nådde topp 10 på countrylista i USA det året.
Save the Last Dance for Me Singel av Dolly Parton frå albumet The Great Pretender | ||
B-side |
«Elusive Butterfly» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1983 | |
Innspelt | November 1983 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | RCA Nashville | |
Komponist | Mort Shuman, Doc Pomus | |
Tekstforfattar | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Produsent | Val Garay | |
Dolly Parton-kronologi | ||
«Islands in the Stream» (1983) |
Save the Last Dance for Me | «Downtown» (1984)
|
Seint i 1983 spelte Dolly Parton inn «Save the Last Dance for Me» og gav han ut som singel seint i desember det året. Songen kom sidan ut på albumet hennar med versjonar av 50- og 60-talssongar, The Great Pretender, som kom ut i januar 1984. Songen nådde topp 10 på countrylista i USA seint i februar og 45. plassen på Billboard Hot 100 i USA
Liste (1983-1984) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 3 |
U.S. Billboard Hot 100 | 45 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 12 |
Canadian RPM Country Tracks | 2 |
Save the Last Dance for Me Singel av Michael Bublé frå albumet It's Time | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. april 2006 | |
Innspelt | 2005 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | 143, Reprise | |
Komponist | Mort Shuman, Doc Pomus | |
Tekstforfattar | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Michael Bublé-kronologi | ||
---|---|---|
«Home» (2005) |
Save the Last Dance for Me | «Just in Time» (2006)
|
«Save The Last Dance For Me» was seinare spelt inn av den kanadiske smørsongaren Michael Bublé, og gjeven ut som den tredje og siste singelen frå studioalbumet It's Time. Songen vart kraftig remiksa på singelutgåva.
Liste (2006) | Plassering |
---|---|
Billboard Hot 100 | 99 |
Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 5 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.