From Wikipedia, the free encyclopedia
John Winston Ono Lennon (9. oktober 1940–8. desember 1980), betre kjend som John Lennon, var låtskrivar, vokalist og gitarist i det verdsberømte bandet The Beatles.
Lennon gjorde seg bemerka som politisk aktivist, kunstnar og delvis som forfattar.[1] Han var først gift med Cynthia Powell, som han fekk sonen Julian med. Han forlét Powell for å verta saman med den japanske kunstnaren Yoko Ono i 1969,[2] og endra samtidig namn til «John Ono Lennon».
Lennon var med på å oppretta bandet The Beatles, og var med på å laga dei mest kjende låtane bandet hadde «I Want to Hold Your Hand», «Help!», «Norwegian Wood», «Strawberry Fields Forever», «Lucy in the Sky with Diamonds», «Come Together» og «Across the Universe». Som soloartist produserte han songar som «Give Peace a Chance», «Imagine», «Woman» og «Happy Xmas (War is Over)».
Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 hadde Lennon ein kort, men markant solokarriere i perioden 1970–1975 med ei rekkje politiske og eksperimenterande album. Etter ein lenger pause frå 1975–1980 der han konsentrerte seg om familielivet med Yoko og sonen Sean, fekk han eit comeback med albumet Double Fantasy i 1980.
John Lennon vart drepen etter at Mark David Chapman skaut han fire gonger utanfor heimen sin i New York like før klokka 23:00 den 8. desember 1980. Ifølgje seg sjølv skaut Chapman Lennon på bakgrunn av «vondskap i hjartet» og for å sjølv verta kjent.[3][4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.