Sarajevo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sarajevo

Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på vel 330 000 i 2013. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundreår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.

Kjappe fakta Land, Føderal eining («entitet») ...
Sarajevo
Сарајево
by
Thumb
Utsyn over gamlebyen i Sarajevo
Thumb
Flagg
Thumb
Våpenskjold
Kallenamn: Den olympiske byen
Land  Bosnia-Hercegovina
Føderal eining
(«entitet»)
Føderasjonen Bosnia-Hercegovina
Den bosniske serbarrepublikken
Kanton Kantonen Sarajevo
Kommune Sarajevo–Centar
Sarajevo–Novi Grad
Sarajevo–Novo Sarajevo
Sarajevo–Stari Grad
Ilidža
Høgd 500 m
Areal 141,5 km²
Folketal 334 722  (2013[1])
   storby 413 593
Tidssone CET (UTC+1)
Thumb
Sarajevo
43.856388888889°N 18.413055555556°E / 43.856388888889; 18.413055555556
Thumb
Byen Sarajevo i Bosnia-Hercegovina
Byen Sarajevo i Bosnia-Hercegovina
Wikimedia Commons: Sarajevo
Lukk

Historie

Thumb
Historisk bilete av Sarajevo

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken, vart den moderne byen til som ein ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]

Administrativ inndeling

I tillegg til å vere hovudstad for staten Bosnia-Hercegovina er byen etter Daytonavtalen[4] òg hovudstad i båe dei føderale einingane («entitetane») Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska). I praksis er likevel serbarrepublikken styrd med Banja Luka som de facto hovudstad.

Administrativt er byen delt i dei fire kommunane Centar, Novi Grad, Novo Sarajevo og Stari Grad. Ved folketeljinga i 2013 er òg kommunen Ilidža, som tidlegare var rekna som ein separat busetnad, rekna inn som ein bydel i Sarajevo.

Til storbyområdet for Sarajevo reknar ein heile kantonen Sarajevo, som er ein av dei ti kantonane som den føderale eininga Føderasjonen Bosnia-Hercegovina er delt inn i. I tillegg til dei fem kommunane innanfor sjølve byen, er då òg kommunane Hadžići, Ilijaš, Trnovo og Vogošća rekna med.

Folketal

Folketalet i bydelane ved dei siste folketeljingane var:[1]

Meir informasjon Kommune, Folketal 1991 ...
KommuneFolketal 1991Folketal 2013
Bydelen Centar76 77153 081
Bydelen Novi Grad133 502117 822
Bydelen Novo Sarajevo90 78063 952
Bydelen Stari Grad48 74436 339
Bydelen Ilidža59 34463 528
Sarajevo by409 141334 722
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.