Banja Luka eller Banjaluka (kyrillisk Бања Лука) er ein kommune og den største byen og de facto hovudstad i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2] Banja Luka er òg den nest største byen i heile Bosnia-Hercegovina med om lag 140 000 innbyggjarar i sjølve byen og vel 185 000 i heile kommunen. Byen var kjend i det tidlegare Jugoslavia for å vere ein by full av trefeltsgater, hagar og parkar. Byen hyser Universitetet i Banja Luka, eit av to universitet i Republika Srpska.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Banja Luka
Бања Лука
by
Thumb
Katedralen i Banja Luka
Thumb
Våpenskjold
Land  Bosnia-Hercegovina
Del av Den bosniske serbarrepublikken
Areal 1 238,89 km²
Folketal 185 042  (2013[1])
   by 138 963
Tidssone CET (UTC+1)
   Sommartid CEST (UTC+2)
Retningsnummer +387 51
Thumb
Banja Luka
44.7725°N 17.1925°E / 44.7725; 17.1925
Thumb
Banja Luka innanfor Den bosniske serbarrepublikken
Banja Luka innanfor Den bosniske serbarrepublikken
Wikimedia Commons: Banja Luka
Lukk

Banja Luka er hovudbyen i den geografiske regionen Bosanska Krajina nordvest i landet ved elva Vrbas. Byen ligg i Banjalukadalen i Dei dinariske Alpane, og områda rundt byen er skogkledde.

Historie

Banja Luka vart først nemnd i dokument i 1494, men ein har funne spor etter romerske busetnadar her, mellom anna den gamle festninga Kastel midt i byen. Slavarane slo seg ned her på 600-talet. Ein av dei første offentlege bygningane som vart bygd etter Kastel var eit fransiskanarkloster bygd i 1378 i naboområdet til Banja Luka. Det var først på midten av 1500-talet, som ein del av Det ottomanske riket, byen verkeleg utvikla seg då Ferhat Pasa Sokolovic bygde over 200 prosjekt frå handverkar- og salsbutikkar til kveitevarehus, bad og moskear, i tillegg til sanitæranlegg. I 1688 vart byen sett i brann av austerrikarar, men vart raskt bygd opp att, og Banja Luka vart etter kvart eit strategisk militærsenter. Byen vart derimot ikkje moderinisert før han kom inn under styret til Austerrike-Ungarn seint på 1800-talet.

Under Den andre verdskrigen vart byen okkupert av romersk-katolske kroatar (som var for nazistane), og serbiske og jødiske familiar i byen vart deporterte til nærliggande konsentrasjonsleirar.

I 1969 øydela eit kraftig jordskjelv mange bygningar i Banja Luka, mellom anna ein stor bygning kalla Titanik i midten av byen. Med hjelp frå resten av statane i Jugoslavia vart byen bygd opp att, men mange av dei gamle bygningane frå den ottomanske perioden var totalt øydelagde.

Det vart gjort store endringar i byen under Jugoslavia-krigane på 1990-talet. Enkelte kroatar og muslimar vart tekne til interneringsleirar, og alle moskeane som var bygde på 1400- og 1500-talet vart øydelagde, mellom anna Ferhadijamoskeen, som på den tida stod på UNESCO si verdsarvliste. Eit forsøk på å rekonstruere moskeen i 2001 førte til opprør av serbarane, og gateslagsmål mellom serbarar og bosniarar. Andre moskear er derimot oppførte på ny, og ein reknar med at ein i nær framtid skal få opp ein rekonstruksjon av Ferhadijmoskeen òg.

Administrativ posisjon

Thumb
Nasjonalforsamlinga i Banja Luka

Etter konstitusjonen, etablert gjennom Daytonavtalen frå 1995,[2] er det Sarajevo som er hovudstaden i Den bosniske serbarrepublikken, men det er Banja Luka som fungerer som er sete for nasjonalforsamlinga i Den bosniske serbarrepublikken og andre hovudstadsfunksjonar, slik at byen er de facto hovudstad.

Folketal

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]

Meir informasjon Folketal 1991, Folketal 2013 ...
Folketal 1991Folketal 2013
Banja Luka143 079138 963
Kuljani1 2074 165
Šargovac1 3133 079
Potkozarje4 5773 067
Piskavica3 7982 673
Motike2 0092 515
Dragočaj2 5782 371
Rekavice2 6792 156
Priječani8402 034
Kommunen Banja Luka 195 692 185 042
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.