hav From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosshavet er ei stor bukt i Sørishavet i Antarktis mellom Victoria Land og Marie Byrd Land.
Rosshavet | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Sørishavet | ||
Koordinatar | 75°S 175°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rosshavet 75°S 175°W | |||
Wikimedia Commons: Ross Sea | |||
Rosshavet vart oppdaga av James Ross i 1841. Vest i Rosshavet ligg Ross Island med vulkanen Mount Erebus, i aust ligg Roosevelt Island. Den sørlege delen av bukta er dekt av Rossisen.[1] Roald Amundsen starta ekspedisjonen sin mot Sørpolen i 1911 frå Hvalbukta, som ligg i sjølve isen. Vest i Rosshavet ligg McMurdo Sound som er ei hamn som vanlegvis er isfri om sommaren. Den sørlegaste delen av Rosshavet er Gould Coast, som ligg kring 300 km frå Den geografiske sørpolen.
Alle landmassar i Rosshavet er gjort krav på av New Zealand og høyrer til Ross Dependency.
Dyre- og plantelivet i Rosshavet liknar andre marine regionar i det sørlege Antarktis. Særleg om sommaren fører det næringsrike vatnet til mykje plankton her, som igjen gjev næring for større artar, som fisk, sel, kval og sjøfugl.
Langs kysten av bukta finn ein hekkestader for adeliepingvin og keisarpingvin, som det finst mange av kring Rosshavet, både mot kysten og ut mot det opne havet. [1]
Rosshavet er eit av dei siste havområda på jorda som er relativt urørt av menneskeleg aktivitet. På grunn av dette er området nesten heilt fritt for forureining, overfiske og innføring av framande artar. Rosshavet har derfor vorte eit fokusområde for miljøvernsgrupper. Rosshavet vert av marinbiologar rekna for å ha eit særs høgt biologisk mangfald. Til dømes vart ein 10 meter lang kjempeblekksprut på 495 kg fanga i Rosshavet den 22. februar 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.