Ross Island er ei øy danna av fire vulkanar i Rosshavet nær det antarktiske kontinentet, utanfor kysten av Victoria Land i McMurdo Sound.
Ross Island | |||
øy | |||
Kart over Ross Island | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Ross Archipelago | ||
Del av | Ross Archipelago | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 77°30′S 168°0′E | ||
Høgaste punkt | Erebus | ||
• høgd | 3 794 moh. | ||
Areal | 2 460 km² | ||
Folketal | 100 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ross Island 77.5°S 168°E | |||
Wikimedia Commons: Ross Island | |||
Geografi
På grunn av vedvarande isdekke, vert øya stundom rekna som ein del av Antarktika. Ho har eit areal på 2460 km²; og berre ein liten del av øya er is- og snøfri. Den sørlegaste aktive vulkanen på jorda, Erebus (3794 moh.), og den sørlegaste sovande vulkanen Terror (3230 moh.), ligg på øya. Dei vart namngjevne av James Clark Ross etter skip hans HMS «Erebus» og HMS «Terror». Det tredje høgaste fjellet på øya er Mount Bird, med Shell Glacier og Endeavour Piedmont Glacier i fjellsidene. Abbott Peak står mellom Mount Erebus og Mount Bird. Gamble Cone står aust på øya.
Trass i at øya er relativt lita, er ho den sjette høgaste øya i verda.
Oppdaging
Sir James Clark Ross oppdaga øya i 1841, og ho vart seinare kalla opp etter han av Robert F. Scott.
Ross Island vart basen for mange tidlege ekspedisjonar i Antarktis. Ho var og er framleis den sørlegaste øya som er mogeleg å nå til sjøs. Hytter bygde av ekspedisjonane til Scott og Shackleton står framleis på øya og er i dag bevarte som historiske stader.
I dag står den newzealandske Scott Base på øya og her står òg den største busetnaden i Antarktis, U.S. Antarctic Program sin McMurdo Station. Greenpeace oppretta World Park Base på øya og dreiv denne i fem år frå 1987 til 1992.
Krav
Ross Island ligg innanfor grensene til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.
Dyreliv
Ross Island har ein koloni på kring ein halv million adeliepingvinar.
Sjå òg
|
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.