From Wikipedia, the free encyclopedia
Isfjell B-15 er det største registrerte isfjellet i verda. Det var kring 295 km langt og 37 km breitt med eit areal på 11 000 km² —større enn øya Jamaica. Massen vart estimert til å vere kring tre milliardar tonn. I 2009 hadde B-15 framleis ikkje smelta.[1]
Isfjellet kalva frå Rossisen nær Roosevelt Island i mars 2000.[2][3] B-15 braut sundt i fleire stykke i 2000, 2002 og 2003. Den største, B-15A, dekte 6 400 km².[4] I november 2003 etter at B-15J braut av, dreiv B-15A bort frå frå Ross Island og ut i ope farvatn i Rosshavet.
I desember 2003 braut eit lite knivforma isfjell, B-15K (kring 300 km²), seg av frå B-15A og starta å drive nordover. I 2005 tok straumane B-15A sakte mot Drygalski istunge. Kollisjonen braut den ytste tuppen av Drygalskitunga av i midten av april. Isfjellet segla så langs kysten og ut av McMurdo Sound før det gjekk på grunn utanfor Cape Adare i Victoria Land og braut opp i fleire mindre bitar den 27.–28. oktober 2005. Det største stykket heldt namnet B-15A (no kring 1 700 km²), medan tre andre stykke fekk namna B-15P, B-15M og B-15N. Det flaut så lenger nord og braut opp i mindre stykke. Desse vart oppdaga frå lufta av fiskeripatruljar den 3. november 2006. Den 21. november 2006 vart fleire store stykke sett berre 60 km utanfor kysten av Timaru på New Zealand. Det største målte kring 1,8 km og låg 37 meter over havoverflata.
Den 10. april 2005 trefte B-15A Drygalski istunge, eit framhald av den rasktflytande Davidbreen som flyt gjennom fjella i Victoria Land. Eit 8 km² stort stykke av istunga braut sundt og gjorde at kartet over Antarktis måtte teiknast på nytt.
B-15A hindra havstraumar og vindar sommaren 2004-2005 frå å bryta opp havisen i McMurdo Sound og vart ei hindring for dei årlege forsyningsskipa til tre forskingsstasjonar i området. Isflaka var venta å føre til eit katastrofalt fall i adeliepingvinbestanden, sidan det vart mykje lenger veg for pingvinane å reise attende frå sjøen til kyllingane sine. Weddellselar og joar ved McMurdo Sound vart òg råka av desse isproblema.
I oktober 2006 merka MacAyeal et al. (2006)[5] seg at store uvêr i Alaskabukta skapte store dønningar som kryssa heile Stillehavet og som kan ha medverka til at B15-A braut opp i mange stykke den 27. oktober 2005. Dønningane flytta seg 13 500 km frå Alaska til Antarktis i løpet av seks dagar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.