From Wikipedia, the free encyclopedia
Red Rose Speedway er det andre studioalbumet til Paul McCartney and Wings. Albumet kom ut i 1973 etter at debutalbumet deira, Wild Life, hadde seld forholdsvis svakt. Red Rose Speedway gjekk til topps på Billboard 200 i USA og singelen «My Love» gjorde det same på singellista og er den mest populære songen frå albumet.
Red Rose Speedway Studioalbum av Paul McCartney and Wings | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. april 1973 (USA) 4. mai 1973 (Storbritannia) | |
Innspelt | Mars til juni 1972 og september til desember 1972 | |
Studio | Abbey Road Studios, Olympic Sound Studios, Morgan Studios, Trident Studios, Island Studio i London | |
Sjanger | Rock, poprock, softrock | |
Lengd | 42:13 | |
Selskap | Apple | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney and Wings-kronologi | ||
---|---|---|
Wild Life (1971) |
Red Rose Speedway | Band on the Run (1973) |
Singlar frå Red Rose Speedway | ||
|
Tidleg i 1972 fann McCartney ut han skulle utvide bandet til fem medlemmar og henta inn gitaristen Henry McCullough. Det kom ikkje noko nytt album i 1972, men tre singlar vart gjeven ut i mellom tida. «Give Ireland Back To The Irish» var McCartney sitt respons på Bloody Sunday og vart boikotta av BBC for dei politiske meiningane i songen. Det same vart rockelåten «Hi Hi Hi» på grunn av dei påståtte narkotika- og sexreferansane i songen. Eit svar på dette var at bandet gav ut barnesongen «Mary Had a Little Lamb». I tillegg til å gje ut singlar turnerte bandet i Europa sommaren 1972, og heldt mellom anna ein konsert i Oslo.
Red Rose Speedway vart spelt inn perioden mars-oktober 1972, men kom ikkje ut før i mai 1973. Albumet var opphavleg tenkt som eit dobbeltalbum, men enda opp som eit enkeltalbum.
Den einaste singelen frå albumet var songen «My Love». Det var ei kjærleikserklæring til kona hans, Linda McCartney. Songen omtalte han sjølv som den nye «Yesterday» og han vart raskt ein stor suksess. Sangen gjekk rett til topps på singellista i USA og vart den første store hitten til bandet.
Populariteten til «My Love» førte til at forventningane til albumet auka, og då albumet kom ut gjekk det heilt til førsteplassen på albumlista i USA. Trass i at albumet selde godt, vart det meir lunken motteke av kritikarane, men McCartney hadde i alle fall klart å etablere Wings som eit band.
Albumet vart nymastra og gjeve ut på CD i 1993 som ein del av The Paul McCartney Collection. Albumet kom då med fire bonusspor.
Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney[8].
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Big Barn Bed» | 3:48 |
2. | «My Love» | 4:07 |
3. | «Get on the Right Thing» | 4:17 |
4. | «One More Kiss» | 2:28 |
5. | «Little Lamb Dragonfly» | 6:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Single Pigeon» | 1:52 |
7. | «When the Night» | 3:38 |
8. | «Loup (1st Indian on the Moon)» | 4:23 |
9. | «Medley: Hold Me Tight/Lazy Dynamite/Hands of Love/Power Cut» | 11:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «I Lie Around» | 5:03 |
11. | «Country Dreamer» | 3:14 |
12. | «The Mess» | 4:58 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «C Moon» | 4:32 |
11. | «Hi, Hi, Hi» | 3:07 |
12. | «The Mess» | 4:58 |
13. | «I Lie Around» | 4:59 |
Wings
Andre medverkande
Vekeslister
|
Årslister
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.