From Wikipedia, the free encyclopedia
Rauni Magga Lukkari (fødd 30. september 1943) er ein finsk-norsk samisk forfattar. Ho blir rekna som ein av dei mest kjente samiske lyrikarane utanom Nils-Aslak Valkeapää.
Rauni Magga Lukkari | |
Statsborgarskap | Finland, Noreg |
Fødd | 30. september 1943 (80 år) Utsjoki |
Yrke | omsetjar, skribent, lyrikar, journalist, lærar |
Rauni Magga Lukkari på Commons |
Lukkari vart fødd i Utsjok i Finland og flytta til Tana i Finnmark, men er no busett i Tromsø der driv ho eit eige bokforlag – Gollegiella – som gjev ut lydbøker på samisk og ein del tospåklege bøker.
Debutboka hennar, Jieŋat vulget (Isen går), kom ut i 1980. Allereie frå denne boka er kvinneperspektivet i diktninga hennar tydeleg. Ein kan følge den svikta kvinna i Báze dearvan, Biehtár (1981) og i Mu gonagasa gollebiktasat/Min konges gylne klær (1991) treffer ein den stolte og frie kvinna. 1987 vart ho nominert som samisk kandidat til Nordisk råds litteraturpris for Mørk dagbok (1987). I 1995 kom boka Čálbmemihttu (Øyemål) ut. Klede er temaet i denne parallellutgåva på samisk og finsk. Den står som utstillingstekst til ei samisk kofteutstilling ved länsmuseet i Rovaniemi i Finland.
I 1996 vann ho førsteprisen i det samiske forlaget Davvi Girjis litteraturkonkurranse for beste samiskspåklege originalmanus med diktsamlinga Árbeeadni. Ho er og kjent som prologforfattar med verka Ávvudivttat (2006), som også er gitt ut som lydbok med musikk av Niko Valkeapää og Georg Buljo, og monologen En lykkens mann (2007), der Rauni Magga Lukkari debuterer som teaterforfattar. Stykket vart plukka ut til Norsk dramatikkfestival 2007, og er dramatisert ved Nationalteatret med Nils Ole Oftebro i hovudrolla som den kua nordsamen hundsa av mor si. Stykket skildrar sorgmuntert ein barsk oppvekst i Tanadalen. I april 2008 lanserte Lukkari Hilsen til, som er diktsamlinga Ávvodivttat som samisk lydbok med norsk tekst. Dikta er gjendikta av Laila Stien og gjeve ut med støtte frå Leser søker bok.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.