norsk-finsk samisk musikar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Niko-Mihkal Valkeapää (fødd 30. desember 1968) er ein finsk-norsk og samisk songar, låtskrivar og politikar for Norske Samers Riksforbund.
Niko Valkeapää | |||
| |||
Fødd | 30. desember 1968 (55 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Enontekiö | ||
Opphav | Finland, Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, politikar, stemmeskodespelar, lærar, skodespelar, joiker | ||
Far | Nils-Henrik Valkeapää | ||
Prisar | Spellemannprisen i åpen klasse, Áillohaš musikkpris, Folkelarmprisen |
Valkeapää er fødd i Enontekiö i Finland. Han har sidan 1990 vore busett i Kautokeino der han byrja som lærer. Han er gudson av kunstnaren Nils Aslak Valkeapää og framfører fleire av tekstane hans på dei to plateutgjevingane sine, som er ein del av den «tredje bølgja» innan moderne samisk kultur, der han har arbeidd mykje med mellom andre Georg Buljo.
Valkeapää vann Sámi Grand Prix (1994, 1995), mottok Spellemannprisen 2003 i open klasse med debutalbumet sitt, og Liet Ynternasjonaal, den internasjonale musikkprisen for minoritetsmusikk. I 2008 vann han to Folkelarmprisar for Birrat Birra: nyskapande og open klasse. For albumet Gusto frå 2012, vart han nominert til Spellemannprisen 2012 i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk. Han har turnert nasjonalt og i Norden, m.a. på Nattjazz i Bergen, Festspela i Nord-Noreg, Riddu Riđđu Festivála og på Nordland Musikkfestuke i Bodø.
Valkeapää vart innvald på Sametinget for perioden 2017–2021 på NSRs liste for Gáisi valkrins. Der sat han i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.