Pianokonsert nr. 20 av Mozart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pianokonsert nr. 20 i d-moll, K. 466, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1785. Han vart først framført på Mehlgrube Casino i Wien den 11. februar 1785, med komponisten sjølv som solist.[1]

Remove ads
Bakgrunn
Eit par dagar etter den første framføringa skreiv faren Leopold til dottera Nannerl om den nylege suksessen til broren.
Verket er skrive i d-moll. Andre verk av komponisten i denne tonearten er Fantasi K. 397 for piano, Rekviem, ein kyrie og delar av den mørke operaen Don Giovanni. Det er den første av to solokonsertar skriven i moll (den andre er nr. 24).
Den unge Ludwig van Beethoven beundra denne solokonserten og spelte han i repertoaret sitt.[1] Den kjende dirigenten Daniel Barenboim hevda at denne konserten var favorittmusikkstykket til Josef Stalin.[2]
Remove ads
Satsar
Konserten er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar. Som typisk for ein solokonsert, er han skriven i tre satsar:
- Allegro
- Romanze
- Allegro assai
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
