Don Giovanni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Don Giovanni (K. 527; komplett tittel: Il dissoluto punito, ossia il Don Giovanni (Uthalaraen straffa eller Don Giovanni) er ein opera i to akter med musikk av Wolfgang Amadeus Mozart og ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte. Han hadde premiere i Praha i Teatro di Praga (i dag Estates Teater) den 29. oktober 1787. Librettoen til Da Ponte vart som mange på denne tida merka som dramma giocoso, eit uttrykk som syner til ei blanding av seriøs og komisk handlingn. Mozart skreiv verket inn i katalogen sin som ein «opera buffa».
K. 527 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
![]() | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1787 | ||
Urframføring | 29. oktober 1787 29. oktober 1787 | ||
Typisk lengd | 152:13 | ||
Satsar/akter | 27 (2 akter) | ||
Libretto av | Lorenzo Da Ponte |
Operaen er ein viktig del av standardrepertoaret i opera og er i følgje Operabase den sjuande mest framførte operaen verda over.[1] Operaen har òg vore eit tema for forfattarar og filosofar.
Komposisjon og premiere
Verket var ferdig den 28. oktober etter at Da Ponte vart kalla attende til Wien for å arbeide på ein annan opera. Overturen til operaen vart skriven ferdig dagen før premieren. Instrumenteringa nyttar doble treblåseinstrument, horn og trompetar, paukar, basso continuo for resitativa, og dei vanlege strykarane. Mozart nytta òg tidvis spesielle musikalske effektar. For ballsalscenen mot slutten av førte akt nyttar Mozart ikkje mindre enn tre ensemble på scenne samstundes for å spele forskjellige dansemusikk synkronisert, kvar i sine respektive taktar. I akt to spela Giovanni mandolin.
Operaen hadde først premiere 29. oktober i Praha og fekk særs god mottaking. Mozart oversåg òg premieren i Wien, som fann stad den 7. mai 1788. For denne produksjonen skreiv han to nye ariar med tilhøyrande resitativ.
Roller


Rolle | Stemme | Premierebesetning, 29. oktober 1787[2] Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart |
Premierebesetning i Wien, 7. mai 1788[3] Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart |
---|---|---|---|
Don Giovanni, ein ung, ekstremt tøyleslaus adelsmann | baryton | Luigi Bassi | Francesco Albertarelli |
Leporello, tenaren til Don Giovanni | bass | Felice Ponziani | Francesco Benucci[4] |
Il Commendatore (Don Pedro) | bass | Giuseppe Lolli | Francesco Bussani |
Donna Anna, dottera hans, trulova med Don Ottavio | sopran | Teresa Saporiti | Aloysia Weber[5] |
Don Ottavio | tenor | Antonio Baglioni | Francesco Morella |
Donna Elvira, ei dame frå Burgos som vart forlaten av Don Giovanni | sopran | Katherina Micelli | Caterina Cavalieri |
Masetto, ein bonde | bass | Giuseppe Lolli | Francesco Bussani |
Zerlina, Masetto sin trulova | sopran | Caterina Bondini[6] | Luisa Mombelli |
Kor: bønder, tenarar, unge damer, musikarar og demonar |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.