norsk journalist og redaktør From Wikipedia, the free encyclopedia
Per Egil Hegge (6. mars 1940–12. oktober 2023) var ein norsk journalist og pressemann. Han var redaktør i Aftenposten og A-magasinet, korrespondent i Washington, DC, (1977–1981 og 1988–1992), i London og i Moskva (1969–1971). Han var kjend for ei fast språkspalte i Aftenposten og som ein profilert kritikar av Språkrådet, der han sjølv hadde vore medlem. Han var aktiv i riksmålsrørsla og var medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Per Egil Hegge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1940 Trondheim |
Død |
12. oktober 2023 (83 år) |
Yrke | journalist, redaktør, spaltist, biograf, redaktør |
Medlem av | Det Norske Akademi for Språk og Litteratur |
Mor | Mary Hegge |
Per Egil Hegge på Commons |
Hegge vart fødd i Trondheim. Foreldra hans var lærarane Ola og Mary Hegge, som fyrst arbeidde i Skatval i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. I 1941 flytta dei til Inderøy, der Per Egil voks opp, «å lert sæ å snakk intrønder».[treng kjelde]
Hegge tok examen artium ved Steinkjer offentlige landsgymnas i 1959. Han vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo med faga russisk og engelsk mellomfag og statsvitskap grunnfag. I tillegg tok han Forsvaret sitt språkkurs i russisk. Til trass for at han hadde store kunnskapar i og interesse for det norske språket, studerte han det aldri på universitetsnivå.
I 1959 tok han til som journalist i Trønder-Avisa. Seinare vart han journalistlærling i NTB. Frå 1962 og i 43 år framover var han tilsett i Aftenposten.
I 1963 gifta han seg med Birgit Wedege frå Danmark og lærte seg etter kvart å tala dansk. Dei fekk tre born saman.
Hegge vart tilsett i Aftenposten i 1962, der han arbeidde som journalist, utanrikskorrespondent, kommentator og redaktør. Han skreiv mange reportasjar frå rettssaker og er kjend for den faste språkspalta si i morgonutgåva. Han var òg redaktør for fredagsmagasinet A-magasinet.
Hegge var utanrikskorrespondent for Aftenposten i Moskva, i London og i Washington D.C.. I 1971 vart han utvist frå Sovjetunionen. Den 25. april 2005 vart han pensjonist, men han skreiv språkspalter etter det.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.