From Wikipedia, the free encyclopedia
Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.
Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.
Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.
Omsetjingar
Medforfattar
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.