Remove ads
katedral i Paris From Wikipedia, the free encyclopedia
Notre-Dame de Paris, eller berre Notre-Dame (som tyder Vår frue, altså Jomfru Maria), er ein katedral i Paris bygd i tida 1163–1345. Katedralen, som er hovudsetet for det romersk-katolske erkebispedømet Paris, ligg på øya Île de la Cité i elva Seinen, og er ein stor turistattraksjon.
Notre-Dame de Paris | |||
kyrkje | |||
Notre-Dame de Paris 48.853°N 2.3498°E | |||
Wikimedia Commons: Cathédrale Notre-Dame de Paris | |||
Planlegging av kyrkja vart sett i gang i 1159 av biskop de Sully. Den første steinen vart lagd i 1163 og markerte byrjinga på slit i to hundre år for mange arkitektar og handverkarar. Kyrkja er bygd som ein basilika i gotisk stil, med fem kyrkjeskip, tverrskip og kyrkjekor med utvendige kapell og gravmæle. I vest er det to 69 meter høge tårn og ei fasade rikt dekorert med skulpturar og relieff. Over Dommedagsportalen er eit av rosevindauga, med glasmåleri frå 1200-talet. Kyrkja vart restaurert i 1845-64 under leiing av Eugène Viollet-le-Duc. Vidare restaurering og vedlikehald byrja i 1991.
Napoleon Bonaparte lét seg krona til keisar av Frankrike i Notre-Dame den 2. desember 1804.
Katedralen har vorte klassifisert som eit verdshistorisk monument av Dei sameinte nasjonane.
Notre-Dame kom i brann 15. april 2019, under eit restaureringsarbeid. Spiret til bygningen tok fyr først. Det fall saman på grunn av brannen, og større delar av taket fall også ned. Seinare oppstod det også brann i eit av dei to tårna.[1]
Ringaren i Notre Dame er ein roman av Victor Hugo som har mykje av handlinga si lagt til kyrkja.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.