Remove ads
Wikimedia-fleirtydingsside From Wikipedia, the free encyclopedia
Vår frue er ei nemning om Jomfru Maria som særleg blir nytta innan katolisismen. «Vår Frue-messe» eller «vårfru'mess'» er ei eldre nemning på Maria bodskapsdag, som tidlegare alltid vart feira 25. mars.
Ein finn nemninga i namn på fleire ulike språk, til dømes Vår Frue på norsk, Vor Frue på dansk, Notre-Dame på fransk, Nuestra Señora på spansk og Our Lady på engelsk. På italiensk er det vanleg å bruka nemninga Madonna, 'mi frue'. På tysk bruker ein ofte berre «frue», som i Frauenkirche eller Liebfrauenkirche, som er stuttformer av omgrepet Kirche Unserer Lieben Frau.
I tillegg finst ei rekkje variasjonar over «Vår Frue» knytt til tru, stader og hendingar, til dømes:
Variasjonar over namnet blir brukt til å namngje kyrkjer, skular og anna. I Danmark finst ein liten by kalla Vor Frue på Sjælland i tillegg til ei rekke kyrkjer.
Den franske nemninga Notre-Dame kan inngå i namn på gravplassar og andre heilage stader, og dessutan i geografiske namn som, mellom anna, namn på kommunar og andre administrative einingar. Gravplassen Cimetière Notre-Dame-de-Belmont i Québec i Canada, kommunen Notre-Dame-de-Bondeville i Seine-Maritime i Frankrike, bydelen Notre-Dame Limite i Marseille i Frankrike, er nokre få av ei mengd slike samansettingar med Notre-Dame.
Mariakyrkjer har det òg vore i Nidaros (Trondheim), der ein framleis har ei Vår Frue kyrkje, i Oslo, Sarpsborg og Tunsberg (Tønsberg) i si tid. I mellomalderen var dessutan mange kyrkjer vigsla til jomfru Maria (og eventuelt ein annan helgen i tillegg) utan at dei er kjende under nemningane Vår frue-kyrkjer eller Maria-kyrkjer. Andebu kyrkje i Vestfold er eit døme på dette, vigsla til Sankta Maria og Sankt Nikolaus. Skiptvet kyrkje i Østfold, vigsla til jomfru Maria, er eit anna døme.
Kyrkjer med namnet «Vårfrukyrkan»:
Kyrkjer med namnet «Mariakyrkan»:
Kyrkjer med namnet «Sankta Maria kyrka»:
Basilikaer, det vil seie kyrkjer som er gjeve ein særleg status i samsvar med reglar og prosedyrar i Den katolske kyrkja, soleis ikkje berre bygningstypen basilika:
Katedralar, det vil seie «biskopkyrkjer» (domkyrkjer):
Mange tidlegare katedralar har hatt, eller har framleis namnet Notre-Dame:
Likeeins finst i Frankrike fleire Cathédrales Notre-Dame-de-l'Assomption, katedralar som er vigsla til Maria med referanse til dogmet om hennar himmelfart:
Dessutan finst fleire Cathédrales Notre-Dame-de-l'Annonciation, katedralar som er vigsla til Maria med referanse til bodskapen ho fekk om å bera fram Guds son:
Kyrkjer («église Notre-Dame»):
Kapell:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.