From Wikipedia, the free encyclopedia
Natalia Rodríguez Martínez (fødd 2. juni 1979) er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Tarragona. Ho vann bronsemedaljen på 1500 meter både i EM 2010 og VM 2011.
Natalia Rodríguez | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 2. juni 1979 (45 år) Tarragona |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Rodríguez sprang inn til sjetteplassen på 1500-meteren både under verdsmeisterskapen 2001, europameisterskapen 2002, verdsmeisterskapen 2005 og dei olympiske sommarleikane 2008.
I VM-finalen 2009 i Berlin la Rodríguez alle konkurrentane på 1500 m bak seg på oppløpssida og braut målsnøret fyrst. Nokså omgåande vart ho diskvalifisert, etter som ho tidleg i siste sving dytta tetløparen Gelete Burka slik at den etiopiske utøvaren fall.
På spansk heimebane i 2010 sikra Rodríguez seg bronsemedaljen på 1500 m i EM, landskvinna Nuria Fernández vann løpet. Også i VM 2011 lukkast spurtsterke Rodríguez vinne bronsemedaljen på spesialdistansen.
Rodríguez sette sin personlege rekord på 3.59,5 i eit stemne i Rieti 28. august 2005.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.