From Wikipedia, the free encyclopedia
NRK Sápmi (tidlegare NRK Sámi Radio) er ei avdeling i NRK som sender radio- og fjernsynsprogram for samisktalande. Radiosendingane starta i 1946 i Tromsø, med Katrine Johnsen som programleiar. I 1976 vart NRK Sámi Radio flytta til Karasjok, og i 1984 flytta radioen inn i sine noverande lokale.
NRK Sápmi | |||
| |||
Skipa | 1946 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Dagleg leiar | Johan Ailo Kalstad,[1] Mona Solbakk, Nils Johan Heatta | ||
Nettstad | http://www.nrk.no/sapmi/ (nordsamisk) |
Frå 1991 har kanalen sendt vekentlege fjernsynsprogram for born, og frå hausten 2001 har kanalen produsert fjernsynssendinga Ođđasat saman med SVT og YLE og NRK, med sendestad frå NRK Sámi Radio. NRK Sámi Radio produserer også radio- og TV-program for NRK sine lokal- og rikssendingar.
NRK Sámi Radio har lokalkontor i Tana, Kautokeino, Manndalen i Kåfjord, Tromsø, Skånland, Tysfjord, Snåsa og Oslo. Desse kontora har omkring 17 årsverk. Hovudkontoret har rundt 60 årsverk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.