From Wikipedia, the free encyclopedia
Mehdi Baala (fødd 17. august 1978) er ein fransk tidlegare mellomdistanseløpar frå Strasbourg som vart europameister på 1500 meter i 2002 og forsvarte EM-tittelen i 2006. Han sikra seg elles VM-sølv i 2003 og OL-bronse i 2008 på same distansen. Den personlege rekorden på 3.28,9 fekk han notert 5. september i 2003 i Brussel. Baala var også ein framifrå 800-meterløpar med ei bestetid på 1.43,15.
Mehdi Baala | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 17. august 1978 (46 år) Strasbourg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | ridder av Den nasjonale fortjenstorden |
Baala vart fjerdemann på 1500 m under Sommar-OL 2000, langt bak dei tre medaljevinnarane. To år seinare vann han ved europameisterskapen i München gullmedaljen på spesialdistansen med minst mogleg margin, han og sølvvinnar Reyes Estévez fekk nøyaktig same tid, 3.45,25, i ein finale som gjekk i lusetempo til det var mindre enn ei runde att. Ei heilt anna fart hadde Baala då han fire veker seinare, 8. september 2002 i Rieti, sette fransk rekord på 800 meter med tida 1.43,15.
Baala var i si livs beste form i 2003-sesongen. Han imponerte stort då han som den einaste truga verdsrekordhaldaren, Hicham El Guerrouj, i oppløpet på 1500 m under friidretts-VM i Paris. Knapt to veker seinare vart han klokka inn 3.28,9 og fransk rekord på distansen i eit stemne i Brussel.
Gjennom sin spurtstyrke lukkast Baala i 2006 å forsvare EM-tittelen på 1500 m. Nett som under sommar-OL åtte år tidlegare, passerte Baala målstreken som fjerdemann då dei olympiske sommarleikane 2008 vart avvikla i Beijing. Men då vinnaren av løpet vart diska for bruk av dopingmidlar, rykte Baala opp til bronseplass.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.