Mathias, Mattias, Matias eller Matthias er mannsnamn med hebraisk og gresk opphav, brukt i Bibelen og utbreidd blant kristne.
Mattias har namnedag den 24. februar i Noreg og Sverige, og Matthias har dansk namnedag same dagen.
Mattias har utspring frå gresk Μαθθαιος (Matthaios), ei omsetjing av det hebraiske namnet מתי (Mattai, Mati), som igjen er kort for מתתיהו (Mattitjahu) eller מתתיה (Mattitja). Tydinga av namna er 'Gudsgåve'.
Namnet har fleire nordiske variantar, som Mads, Mats og Mattis. Det finst likande variantar på andre europeisk språk, som spansk Matías, italiensk Mattia, kroatisk og slovensk Matija, latvisk Matiass, litvauisk Motiejus og ungarsk Mátyás. Latinsk Matteus, fransk Mathieu og engelsk Matthew har same opphavet.
Mattias er eit vanleg namn i Sverige og Mathias i Danmark. I Noreg er skrivemåten Mathias brukt med 8 343 berarar, mot 368 av Mattias og 212 av Matthias (2010). Varianten Matias er vanleg i Finland og er også utbreidd i Chile. Matthias er vanleg i Tyskland, der det blei mykje brukt i tidsrommet rundt 1950–1990. Variantane Matija, Mátyás og Matyáš er vanlege i høvesvis Slovenia, Ungarn og Tsjekkia.