From Wikipedia, the free encyclopedia
Matsopp er soppar ein kan eta.[1] Me definerer dei som etande med to kriterium: Dei inneheld ikkje gift og har ein smak som dei fleste menneske liker.[2] Mange etande soppar kan også innehalda nyttige mineral.[3][4]
Soppar ein kan eta varierer i storleik, utsjånad og smak. Dei har ikkje felles kjenneteikn, der bør soppsankarar kjenna dei karakteristiske trekka til kvar enkelt art, slik at dei er i stand til å trygt identifisera han.
Soppar er fattige på feitt og energi, men rike på fibrar og protein, og dannar livsnødvendige aminosyrer og fleirumetta feittsyrer, som linolensyre, som menneske ikkje kan produsera sjølv, og derfor må få i seg via kosten.[5][6][7]
Nokre soppar inneheld like store mengder antioksidantar som gulrot, paprika og brokkoli.[8] Dyrka soppar er dessutan ei kjelde til vitamin B2 (riboflavin), vitamin B3 (niacin) og vitamin B9 (folat), og er, samanlikna med grønsaker, rike på mineral som kalium, fosfat, sink og kopar.[9]
Soppar inneheld òg vitamin D som den einaste ikkje-animalske fødevara, og kan såleis brukast av vegetarianarar og personar som et få animalske produkt til å dekka vitaminbehovet.[10] }}</ref> Det er særleg vitamin D2 som er i soppar.[11]
Vurderingar av matsoppar omfattar konsistens, smak og haldbarheit.
Miljøstyrelsen og Naturstyrelsen i Danmark gjev følgjande eksempel på gode matsoppar som er lette å kjenna att:[12][13]
Danmarks Naturfredningsforening nemnar dessutan følgjande alminnelege matsoppar:[19]
Andre gode viltveksande matsoppar:
Dyrka og/eller importerte soppar
Soppar har ikkje fotosyntese, men er heterotrofe. Dette vil seia at dei får næring ved å bryta ned organisk materiale (t.d. sukkerstoff) som danna av andre organismar. Som regel er dette materialet dødt (t.d. blad og trestammar), men soppar kan òg vera parasittar som snyltar på levande plantar og dyr, eller leva i symbiose med plantar ved hjelp av såkalla mykorrhiza. Symbiosen hjelper planten med å auka opptaket av uorganiske samband, som nitrat og fosfat, frå stader der det er låge konsentrasjonar av desse viktige næringsstoffa.[28] I mange tilfelle er mikroskopiske undersøkingar nødvendige for å skilja nokre av artane.
Sanking av matsopp, som for nokre ein lidenskap som både omfattar sjølve sankinga av soppane og ein tur i skogen, krev mindre fagleg innsikt. Dei fleste større fruktlekamar av matsoppar kan identifiserast ved hjelp av storleik, fargar, lukt, hatt, stilk og rot.[29]
Ekspertar tilrår at ein har dei innsanka soppane i ei korg med inndelingar som gjer at ein kan skilja dei ulike artane. Det kan vera ein god idé å ha med ein børste til å fjerna møkk og ein kniv til å skjera gjennom eit eksemplar av kvar art for å kunna identifisera soppane.[30] Dessutan bør soppsankarar ha med ei bok som kan hjelpa til med å identifiser soppane.[31]
Om sankaren ikkje er sikker på kva for ein sopp han har funne, bør han ikkje brukast. Det er elles ofte tilrådd å få råd frå ein soppkunnig. Nybyrjarar bør alltid sanka sopp under rettleiing av kunnige.
Nokre butikkar, særleg større supermarknader, sel mellom anna kantarell som er samla inn i høgsesongen. I Danmark er innsamla kantarellar ofte importerte frå Polen eller Baltikum.
Det blir anbefalt nye soppsankarar å fyrst læra seg å kjenna røyrhattfamilien, fordi dei fleste røyrhattane er etande og velsmakande. Gruppa er lett kjennbar på røyra under hatten. Tre artar som blir framheva for den gode smaken sin er steinsopp, blodrøryrsopp og svartbrun røyrsopp.
Nokre gode matsoppar kan forvekslast med giftige artar. Sjølv om dei fleste soppar er uskadelege finst det òg soppar som er svært giftige. Ein av desse, pukla giftslørhatt, blir best unngått ved å unngå heilt unngå å sanka slørhattar, som elles ikkje er så gode matsoppar. To andre lumske giftsoppar, grøn flugesopp og snøkvitt flugesopp, kan naturlegvis òg bli unngått ved å la flugesoppar stå, men problemet er her at dei to artane i stor grad liknar på gode matsoppar. Snøkvit flugesopp kan av ukunnige lett forvekslast med kvite sjampinjongar, men medan alle eksemplar av sjampinjong har farga lamellar som normalt er brunlege, er lamellane til flugesoppen kritkvite. Grøn flugesopp er særleg blitt forveksla med etande posesopp, som blir selt på marknadar i Asia, og som òg har ein pose ved rota. Han kan òg forvekslast med grøne artar av kremlar, men desse manglar både ring om stammen og pose ved basis.
Det er vanskeleg å dyrka sopp, fordi mange artar dannar mykorrhiza med eit bestemt vertstre eller krev særskilde jordbotnforhold. Nokre få artar som sjampinjong, shiitake og blågrå østerssopp blir dyrka og selt. Omlag 60 land har kommersielle verksemder som dyrkar sopp.[32] I tillegg til den kulinariske verdi speler soppane ei vesentleg rolle i økosystemet.[33][34][35][36]
Soppar har ulike smakar avhengig av alder og art. Etande soppar er karakteriserte av smaken av umami, ein av dei fem grunnsmakane, som blir utløyst av molekylær gjenkjenning av dei frie aminosyrene glutamat og aspartat og av nukleotider (som inngår i DNA og RNA).[37][38] Glutamat gjev den sterkaste umamismaken, og denne frie aminosyra er til stades både i dyrka og ville soppar.[39][40][41]
Nokre artar kan ha ein velsmakande hatt, men ein seig eller trådete stilk. Sjølv blant dei gode matsoppane bør ein aldri sanka eldre eksemplar til å eta. I fuktig vêr er ein del soppar mjuke og slimete; dei kan eventuelt tørrsteikast for å få ut noko av væta.
Soppar er generelt giftige i rå tilstand. Når ein sopp blir omtalt som etande i ei soppbok, meiner ein «etande i varmebehandla tilstand». Berre sjampinjong og ev. mindre mengder steinsopp bør etast rå. Dei har òg betre smak etter varmebehandling.
Dei fleste matsoppar passar til steiking. Nokre soppar er særs vasshaldige, særleg i fuktig vêr, og det er ein god idé å hella væska av under steikinga.
Nokre soppar, som artar frå røyrhattfamilien, passar godt til stuing. Mange jamnar seg sjølv, slik at ein berre treng tilsetja fløyte og krydder.
Dei beste måtane å lagra soppar på er tørking og djupfrysing. Tørka soppar blir vatna ut før ein bruker dei. Før frysing kan ein steika soppane lett i svært lite feittstoff. Ekspertar tilrår ikkje å tilsetja fløyte eller sky til soppar før ein frys dei.[42]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.