From Wikipedia, the free encyclopedia
Møre bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Molde, med Molde domkyrkje.
Før skipinga av Møre bispedømme var det usemje om grensene for bispedøme, om bispesete og om namnet. Odelstinget vedtok 2. juni 1982, med 45 mot 40 røyster, at bispesete skulle vere i Ålesund kommune, med Borgund kyrkje som domkyrkje. Namnet skulle vere Møre og Romsdal. Den 5. juni vedtok Lagtinget, med 21 mot 12 røyster, å sende saka attende til Odelstinget. 8. juni vedtok så Odelstinget, med 63 mot 52 røyster, at bispesete skulle vere i Molde, og at namnet skulle vere Møre bispedømme. Vedtaket skulle gjelde frå 1. januar 1983.
Møre bispedømme har følgjande prosti:
Molde domprosti
Indre Nordmøre prosti
Indre Romsdal prosti
Nordre Sunnmøre prosti
Søre Sunnmøre prosti
Ytre Nordmøre prosti
Bispedømmet har har følgjande fellesråd:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.