From Wikipedia, the free encyclopedia
«Love Is Strange» er ein song av den amerikanske rhythm and blues-duetten Mickey & Sylvia, som kom ut seint i november 1956 på Groove.[1]
Love Is Strange Singel av Mickey & Sylvia | ||
B-side |
«I'm Going Home» | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1956[1] | |
Innspelt | 17. oktober 1956[2] | |
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | Groove | |
Låtskrivar(ar) | Mickey Baker, Sylvia Vanderpool, Ethel Smith | |
Produsent | Bob Rolontz[2] | |
Mickey & Sylvia-kronologi | ||
«No Good Lover» (1956) |
Love Is Strange | «There Oughta Be a Law» (1957)
|
Songen var basert på eit gitarriff av Jody Williams. Songen vart skriven av Bo Diddley under namnet til kona hans på den tida, Ethel Smith, og vart spelt inn av mellom andre Bo og Buddy Holly. Gitarriffet vart òg nytta av Dave «Baby» Cortez i instrumentalen «Rinky Dink» i 1962, som òg er tilskriven Diddley.
På ein konsert i Howard Theatre i Washington, D.C. høyrde Mickey og Sylvia Jody Williams spele eit gitarriff som Williams hadde spelt på debutsingelen til Billy Stewart, «Billy's Blues».[3] «Billy's Blues» vart gjeven ut på singel i juni 1956 med ei blanding av vanlege bluesinstrument og afrokubanske instrument.[4] Sylvia Robinson hevdar at ho og Mickey Baker skreiv teksten, medan Bo Diddley hevdar han skreiv han.
Den første innspelinga av «Love Is Strange» vart gjort av Bo Diddley, som spelte inn sin versjon 24. mai 1956 med Jody Williams på sologitar. Denne versjonen kom ikkje ut før I'm a Man: The Chess Masters, 1955–1958 i 2007.[5] Mickey & Sylvia sin versjon vart spelt inn fleire månader seinare, den 17. oktober 1956.[2] Ei ny Mickey & Sylvia-innspeling, nokre år seinare, vart spelt inn med Bernard «Pretty» Purdie på trommer. Det vart den første spelejobben han hadde.[6][7][8]
«Love Is Strange» nådde toppen av Billboard si R&B Singles-liste den 6. mars 1957 og 11. plassen på Hot 100.[9] I 2004 vart «Love Is Strange» innlemma i Grammy Hall of Fame.[10]
År | Artist | Liste og plassering | Merknad |
---|---|---|---|
1962 | Lonnie Donegan | UK album (#3) | På albumet The Golden Age of Donegan.[11] |
1964 | Betty Everett og Jerry Butler | US R'n'B (#42) | Singel A-side for Vee-Jay Records (med B-sida «Smile»). |
1965 | The Everly Brothers | UK chart (#11) | På albumet Beat & Soul |
1967 | Peaches & Herb | Billboard Hot 100 (#13) and R&B Singles (#16) | Med liknande dialog som på Mickey and Sylvia-versjonen.[12] |
1969 | Buddy Holly | Bubbling Under Hot 100 Singles (#115) og RPM 100 (#76) | Spelt inn i 1950-åra, men kom ikkje ut før i 1969.[13] |
1969 | Nancy Sinatra og Lee Hazlewood | - | Sinatra og Hazlewood spelte inn ein demoversjon i 1969 for eit planlagd duettalbum, med Billy Strange som dirigent. |
1971 | Wings | - | Kom ut på albumet Wild Life |
1973 | Exuma | - | På albumet Life |
1975 | Buck Owens og Susan Raye | Nådde Topp 20 på countrylista. | |
1988 | Johnny Thunders og Patti Palladin | - | På albumet Copy Cats |
1990 | Kenny Rogers og Dolly Parton | Amerikanske countrylista (#21) | På Rodgers-albumet Love Is Strange og som singel |
1990 | KT Oslin | - | Singel på albumet hennar Love in a Small Town |
1992 | Everything But The Girl | UK chart (#13) | EP-en 'Covers' |
Delar av songen vart sampla for songen «Rinky Dink» av Bill Justis og i 2012 på Pitbull-hitten «Back in Time».
Songen vart nytta i filmen Dirty Dancing og er med på filmmusikkalbumet, som er eit av dei bestseljande albuma nokon gong.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.