fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus) er ei snipe med hekkeområde på tundraen i Nord-Amerika og Aust-Sibir. Overvintring skjer i Mexico og tilgrensande delar av USA og Mellom-Amerika.
Langnebbekkasinsnipe | |
Langnebbekkasinsnipe i hekkedrakt Foto: Francesco Veronesi | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Langnebbekkasinsnipe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Bekkasinsniper Limnodromus |
Art: | Langnebbekkasinsnipe L. scolopaceus |
Vitskapleg namn | |
Limnodromus scolopaceus Say, 1823 |
Langnebbekkasinsnipa har storleik som ein raudstilk, ho når ei kroppslengd frå 24 til 30 centimeter. Omtrent seks til åtte centimeter av dette er nebblengda. Vengespennet er omtrent 46 til 52 cm, vekta varierer mellom 88 og 144 gram.[1]
I hekkefjørdrakta har dei vaksne fuglane eit raudbrunt preg. Hovudet er kastanjefarga, men krona er litt mørkare. Augebrynstripa er bleik raudbrun, under dette syner dei eit langt, mørk brunt augestrek frå nebbrota gjennom auget. Undersida er raudbrun til bleik raudbrun, hals og frambryst er stipla med fine, mørke markeringar, flankane og undersida av hale har mørkare, tverrvatra markeringar. Oversida er mørk brun og svart, dei enkelte fjørene har raudbrune frynsar. Ryggen som blir synleg i flukt er kvit. Halen har mørkebrune eller svarte tverrband.
Utanom hekketida er fjørdrakta hos langnebbekkasinsniper langt meir bleik gråbrun med ei kvit underside. Unge fuglar er mørkare grå.
Nebbet er svakt nedbøygd og grågrønt, iris er mørk brun. Føter og bein er farga bleik oliven til gul-oliven.
Denne arten er mykje lik kortnebbekkasinsnipe, men langnebbekkasinsniper har litt lengre nebb og litt lengre bein, elles samsvarande storleik og liknande fjørdrakt.
Langnebbekkasinsnipe er ein hekkefugl på tundraen omtrent frå Janaelva i Sibir, austover til Beringsundet, langs kystar av vestlege og nordlege Alaska vestover til Mackenzieelva langt vest i Nordvestterritoria. Dei trekker til det sørlegaste USA, inkludert Florida, til Mexico og er vanlege så langt sør som til vestkysten av Guatemala. Sørgrensa er vanlegvis Panama.[1] Langnebbekkasinsnipa blir sjeldan, men regelmessig observert i Vest-Europa. Til dømes var ho observert totalt 216 gonger i perioden 1958-1996. Det er registrert fire individ totalt i perioden 2010 til 2015 i Artsobservasjoner[2] for Noreg. Dei fleste observasjonane i Europa er unge fuglar som kjem spesielt i september og oktober til Europa. Kortnebbekkasinsnipa blir observert mykje sjeldnare i Europa.
Habitata er våt tundra som sommaren, ofte ved grunne innsjøar, om vinteren lever dei helst ved ferskvatn, sjeldan på strandegner og mudderbankar.
Langnebbekkasinsniper et hovudsakleg krepsdyr, børsteormar og sniglar, som dei tar med raske rørsler og nesten vertikalt heldt nebb opp frå gjørmete underlag.
Dei er trudd å vere monogame gjennom sesongen. Vanlegvis hekkar langnebbekkasinsniper individuelt. Rugetida er 21 til 22 dagar. Begge foreldra er like involvert ved starten av ruginga, men mot slutten av hekkesesongen er det utelukkande hannfuglen som bidreg. Når ungane blir klekte, er dei allereie høgt utvikla og forlèt reiret første dagen. Ungane er flygedyktige i ein alder av ca. 20 til 30 dagar.
IUCN klassifiserer langnebbekkasinsnipe som ein livskraftig art.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.