From Wikipedia, the free encyclopedia
Jana (russisk Я́на) er ei elv i Sakha i Russland. Elva er 872 km lang og har eit nedslagsfelt på 238 000 km².
Jana | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 238 000 km² | ||
Lengd | 872 km | ||
Middelvassføring | 1 000 m³/s | ||
Munning | Laptevhavet | ||
Janaelva 71.537222222222°N 136.65305555556°E | |||
Wikimedia Commons: Yana River | |||
Jana ligg mellom elvane Lena i vest og Indigirka i aust. Mederkna tilløpselva Sartang er ho 1492 km lang. Elva har ei middelvassføring på 150 m³/s ved Verkhojansk, og 1000 m³/s ved munningen.
Elva startar ved samløpet mellom elvane Sartang og Dulgalakh. Ved utløpet i Janabukta i Laptevhavet dannar Jana eit enormt delta på 10 200 km². Heile nedbørfeltet er under permafrost, og består for det meste av taiga som går over til tundra nord for ca 70 °N, sjølv om det finst tre på lune stader heilt nord til deltaet.
Dei viktigaste sideelvane er Adytsja, Oldzjo, Abyrabyt og Bytantaj. Store delar av elva er farbar. Jana frys til i oktober, og er islagt til i mai eller byrjinga av juni.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.