From Wikipedia, the free encyclopedia
Karmei Tzur, eller Carmei Tzur (hebraisk skrift כַּרְמֵי צוּר) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda nord for Hebron i Judeafjella mellom dei palestinske byane Beit Ummar og Halhul. Det nasjonal-religiøse samfunnet har eit folketal på 725 (2010) og er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[2] I følgje Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, var Karmei Tzur rekna til Område C under full israelsk sivil- og tryggleikskontroll.[3]
Karmei Tzur | |||
כַּרְמֵי צוּר | |||
landsby | |||
Namneopphav: Vineyards of Rock | |||
Land | Palestina | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Gush Etzion | ||
Koordinatar | 31°36′33.2″N 35°6′5.17″E | ||
Folketal | 725 (2010[1]) | ||
Grunnlagd | 1984 | ||
• Grunnlagd av | innbyggjarar frå Alon Shvut | ||
Karmei Tzur 31.609222222222°N 35.101436111111°E | |||
Kart som viser Karmei Tzur.
| |||
Nettstad: http://www.carmatz.com | |||
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[4]
Karmei Tzur tyder «Vinrankar (eller olivenlundar) av stein»,[5] og vart grunnlagd i 1984 av ei gruppe studentar frå Har Etzion Yeshiva i Alon Shvut, og vart kalla opp etter den nærliggande hashmoneiske og bibelske staden Beth-Zur[6]
Karmei Tzur ligg like aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 8,3 kilometer frå Den grøne linja[2] i Judeafjella nord for Hebron, 22 kilometer frå Jerusalem.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.