From Wikipedia, the free encyclopedia
Inngangskone eller introdusert barselkvinne er ei kvinne som følgd av presten går i kyrkje og vert introdusert på nytt for kyrkjelyden etter ein barnefødsel. Ved ein slik konegang stogga barselkona då utmed kyrkjedøra, og venta til presten kom og tok henne i handa og leidde ho innover golvet og opp mot koret, der ho heldt ei kort bøn.[1]
I norsk rett var slik introduksjon lovfesta til 1754; sidan var ordninga frivillig, og med visse geografiske skilnader fall skikken bort i løpet av hundreåret som følgde.
I gamle kyrkjebøker er det oppført når kvinner vart «introduceret» på denne måten.
Fem-seks veker etter at barnet var fødd, vart mora følgd til kyrkja. Her venta ho utanfor, eller i våpenhuset, og presten gjekk ut for å møte henne – anten før gudstenesta eller før ein av salmane før preika. I ein kort tale minte han henne på å takke Gud for hjelp gjennom trengslene, og for å ha fødd eit menneske til verda. Så lyste han velsigninga over den nybakte mora. [2]
Påbodet om introduksjon av barselkvinner har samanheng med kravet om reinsing som ligg i den gammaltestamentlege lova om barselkoner, [3] ein skikk det òg vert fortald om at Maria følgde då Jesus vart fødd.[4].
Martin Luther likte ikkje skikken med introduksjon av barselkoner.[5] Han meinte det var feil å jamstille barselkona med ein heidning eller å sjå henne som urein. Skikken stod likevel så sterkt at han overlevde reformasjonen. Kyrkjeritualet av 1685 presiserte at skikken ikkje var knytt til reinsing frå synd eller ureinleik. Dette vart presisert i omtalen av skikken med introduksjon av barselkoner: «… hvilket skeer ikke for den skyld, at mand skulle agte dem mer syndige og ureene for Gud, end andre Mennisker, etersom de i det Ny Testamente ere af Gud selv befriede fra den Jødiske Renselse …». [6]
Kristian den femtes norske lov 2-8-9 påla kvinnene å halde seg innomhus i fem-seks veker etter at dei hadde fødd, og at gifte kvinner så kunne bli introduserte for kyrkjelyden, der det var skikken.[7] Det var forbode for presten å la ugifte mødre vere inngangskoner. Slike kvinner måtte i staden gjere offentleg skriftemål. I 1754 skreiv Kongen brev til biskopane om at introduksjon skulle vere frivillig for kvinnene. Likevel heldt skikken seg i lang tid, nokre stader inn på 1900-talet. Landstads reviderte salmebok, som kom ut i 1926, hadde ein salme meint for bruk ved «mødres kirkegang»: «Til dit hus med takkesang / Kommer jeg, min Gud, tilbake, Holder glad min kirkegang, Du i nåde mot mig take!» (Nr. 719)
Ved liturgirevisjonen i 1975 vart ordninga borte frå det norske kyrkjeritualet.
Det er ulike meiningar om korleis kvinner oppfatta skikken med å stå inngangskone. Samtidige kjelder kan halde kyrkjegangen fram som ei høgtidsstund for mora. Innsamla tradisjonsmateriale tyder på at kvinner oftare såg skikken som audmjukande. Samstundes kan reglane om at kvinner skulle halde seg i ro etter fødselen, ha vore med å gje dei ei tiltrengt kviletid. [8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.