From Wikipedia, the free encyclopedia
Barsel (latin puerperium) er tida under og like etter ein barnefødsel.[1] Innan obstetrikk reknar ein barselperioden som dei første seks vekene etter ein fødsel.[2] Ei kvinne som er i denne perioden kan ein kalla ei barselkvinne eller barselkone.[3] I løpet av barseltida endrar kvinnekroppen seg tilbake til ein ikkje-gravid tilstand gjennom endringar som hormonnivået og livmorstorleiken.[4] Samtidig byrjar mjølkeproduksjonen.[5]
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har omtalt barseltida som den mest kritiske men likevel også den mest oversette delen av liva til både mor og barn; dei fleste dødsfall for begge gruppene finn stad i denne perioden.[6] I barseltida er det mellom anna risiko for stor bløding,[7] infeksjon[6] og blodpropp.[5] Det er også mogleg å utvikla visse psykiske lidingar som fødselsdepresjon, posttraumatisk stressliding (PTSD) og i nokre sjeldne høve postpartumpsykose.[8]
Ordet «barsel» er avleidd av «barnsøl», og viste opphavleg til feiringa av ein barnefødsel, gjerne ved dåpen. I Noreg har det også vore skikk å vitja barselkoner og gje dei nærande mat, som barselgraut.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.