From Wikipedia, the free encyclopedia
Ian McDonald (fødd 25. juni 1946) er ein engelsk multiinstrumentalist som er mest kjend for å ha vore med å starte det progressive rockebandet King Crimson i 1969 og hardrockbandet Foreigner i 1976. Han er òg ein mykje nytta studiomusikar, hovudsakleg som saksofonist. Han spelar òg fløyte, vibrafon, klaverinstrument og gitar.
Ian McDonald | |||
Ian McDonald i 2009 | |||
Fødd | 25. juni 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Osterley i Middlesex | ||
Død | 9. februar 2022 | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | Saksofon, fløyte, gitar, klaverinstrument, vibrafon | ||
Tilknytte artistar | King Crimson Foreigner | ||
Verka som | saksofonist, gitarist, multiinstrumentalist, musikar, komponist, musikkprodusent |
Med King Crimson spelte han på debutalbumet In the Court of the Crimson King. Like etter forlet McDonald og trommeslagar Michael Giles bandet og danna ei gruppe som gav ut albumet McDonald and Giles. Han dukka opp att i King Crimson i 1974 og var meint å bli fulltidsmelem, men fekk aldri høve fordi Robert Fripp valde å legge ned gruppa.
Han var så med på å danne bandet Foreigner i 1976, der han spelte gitar, samt treblåseinstrument og klaverinstrument.[1] Han har òg spelt som studiomusikar og deltok på hitsingelen «Get It On (Bang a Gong)» av T. Rex, og innspelingar av Linda Lewis og Christine Harwood. I 1999 gav han ut soloalbumet Drivers Eyes.
I 2002 var han med å starte 21st Century Schizoid Band saman med andre tidlegare King Crimson-medlemmar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.