britisk trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Rex Giles (fødd 1. mars 1942) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend for å ha vore med på å starte King Crimson i 1969. Før King Crimson vart danna spelte han òg i det kortvarige Giles, Giles & Fripp med broren Peter og Robert Fripp året før.
Michael Giles | |||
Fødd | 1. mars 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Waterlooville i Hampshire | ||
Aktiv | 1968 til i dag | ||
Sjanger | Jazz-fusion, progressiv rock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | King Crimson, Giles, Giles and Fripp, Leo Sayer, 21st Century Schizoid Band, Michael Giles MAD BAND | ||
Verka som | Musikar |
Han er kjend som den første rocketrommisen som brukte to basstrommer slik at han kunne spele raskare rytmar.
Giles forlét King Crimson i desember 1969, men spelte som studiomusikar på det andre albumet deira, In The Wake Of Poseidon. Han slo seg saman med Ian McDonald og spelte inn albumet McDonald and Giles, som hadde ein mykje lettare stil enn King Crimson, men som var musikalsk utfordrande. Giles arbeidde så som studiomusikar ut 1970-åra og arbeidde med mange populære artistar som Leo Sayer, Steve Winwood og Yvonne Elliman. Han gav ut soloalbumet Progress i 1978, men det kom først ut i 2003.
I 2002 var Giles med på å starte 21st Century Schizoid Band, ei gruppe som hovudsakleg bestod av tidlegare King Crimson-medlemmar, samt svigersonen Jakko Jakszyk (tidlegare Level 42).
I 2008 starta han Michael Giles' MAD Band med Ad Chivers og Dan Pennie.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.