Herborg Kråkevik

norsk skodespelar og songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (fødd 28. desember 1973) er ein skodespelar og ei songarinne frå Jondal i Hordaland. Ho er særleg kjend for tolkingane sine av norske folkeviser og for innsatsen på scene og film.

Kjappe fakta
Herborg Kråkevik
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. desember 1973 (51 år)
Jondal
Yrkeskodespelar, songar, skribent, plateartist
Sjangervise
Religionkristendom
Herborg Kråkevik på Commons
Lukk

Av sceneroller ho har hatt, er Herborgs verden, Eliza i My fair lady (1997) og Julie i Romeo og Julie (1997), dei to siste på Den Nationale Scene.

Med førestillinga Eg og Edith turnerte ho i Noreg med eigne tolkingar av songane til Édith Piaf, akkompagnert av Odd Nordstogatrekkspel.

Kråkevik oppnådde stor suksess med albumet Kråkeviks songbok (2000), som inneheldt klassiske tolkingar av gamle norske folkeviser. For dette albumet vart ho Årets spellemann under Spellemannprisen 2000.

På film er Kråkevik kjend for hovudrolla som Petra i Det største i verden (2001), ein film som byggjer på Bjørnstjerne Bjørnsons roman Fiskerjenten.

Herborg er gift med Espen - ein dansk jurist - og saman har dei døtrene Agnes og Petra. Herborg bor vekselvis i Skagen/København i Danmark og i Bergen.

Utmerkingar

I 1998 vart Herborg Kråkevik tildelt Anders Jahres kulturpris og Ole Vig-prisen. Ho var kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2000. Ho vart tildelt Storegutprisen i 2013.

Bibliografi

  • 2004: Forteljingar

Diskografi

  • 1995: Mi Haugtussa
  • 1998: Herborgs Verden (nominert til Spellemannprisen)
  • 2000: Kråkeviks songbok
  • 2002: Eg og Edith
  • 2004: Forteljingar (lydbok)
  • 2008: Annleis enn i går
  • 2009: Kvar ein dag
  • 2011: Alltid i mitt sinn
  • 2012: Jul i stova

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.