Jondal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jondal
Remove ads

Jondal er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Staden var kommunesenter i tidlegare Jondal kommune fram til 1. januar 2020 da kommunen vart slegen saman med Odda kommune og Ullensvang herad til nye Ullensvang kommune. Vegane som kjem frå alle bygdene i Jondal kommune møter kvarandre midt i sentrum. Det er òg ferjesamband frå Jondal til Tørvikbygd. Tettstaden har 425 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads
Remove ads

Bygningar og fasilitetar

I og med at Jondal var kommunesenteret, ligg det tidlegare kommunehuset her, samt dei fleste av butikkane i kommunen. Frå og med skuleåret 2006-2007 hadde Jondal kommune berre éin skule, Jondal skule, som ligg i sentrum av tettstaden, på nordsida av Jondalselva, som deler bygda i to. Dette er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 150 elevar, SFO, gymsal og symjehall. Skulen ligg side om side med Jondal Barnehage og kulturskulen i Jondal, som begge har eigne bygg. Aldersheimen Vikevollen ligg rett over vegen for skule og barnehage. På sørsida av Jondalselva ligg turistinformasjonen i Jondal.

Jondal kyrkje ligg òg i tettstaden Jondal.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads