From Wikipedia, the free encyclopedia
Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg positivt det føregåande året. Utdelinga vart etablert på initiativ frå det norske IFPI (internasjonal organisasjon for platebransjen). Prisen vart delt ut fyrste gong i 1973 for plateåret 1972, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannskomiteen som er vald ut av IFPI Noreg og FONO.
Prisane blir delt ut for 17 ulike klassar etter sjangrar, tre prisar til årets opphavsmenn («årets samtidskomponist», «populærkomponist» og «tekstforfattar») og fire prisar til tillegsklassar («Årets spellemann», «nykomar», «hit» og «musikkvideo»). Dessutan tek komiteen stilling til om det skal delast ut heiderspris og bransjepris. For kvar av klassane vert det nemnt ut ein fagjury der samansetninga blir heldt skjult for dei og for folk utanfor. Fagjuryane vedtek kven av dei påmeldte artistane og platene som skal bli nominert i dei ulike klassane med å tildele dei poeng. Til vanleg blir det nominert tre stykke i kvar klasse. Fagjuryen røystar så fram ein vinnar som får ein bronsestatuett og diplom.
Ein eigen fagjury nominerer opp til ti videoar til årets musikkvideo mens Spellemannkomiteen sjølv nominerer artistar til kategoriane «årets hit» og «årets nykomar». Vinnar av «årets hit» og «årets musikkvideo» blir kåra av publikum, som får røyste, mens komiteen sjølv kårar vinnaren av «årets nykomar». Spellemannkomiteen kårar også «Årets spellemann», der det ikkje blir kunngjort nokon nominasjon på førehand.
Under utdelinga av 1972-prisen, vart det delt ut pris i sju sjangerklassar og tre heiders- / bransjeprisar. Sidan då har det vore ein del endringar i kva prisar som blir delt ut, namn på dei og kva innhald som er i dei ulike klassane. Dei to einaste klassane som har vore heilt uforandra gjennom historia, er «barneplate» og «open klasse». Desse to prisane har begge vore ute av prisutdelinga to gongar kvar. Alle klassane frå den fyrste utdelinga blir framleis delt ut i ein eller annan form.
Klassar som har vore med sidan fyrste utdeling (1972)
Namn i dag | Ikkje utdelt | Andre namn på klassen | Merknad |
---|---|---|---|
Barneplate | 1978, 1979 | ||
Open klasse | 1990, 1994 | To prisar i 1978 og 1979 | |
Viser | 1994, 1995 | Visesong: 1972-1996 Viser og viserock: 1997-2000 | |
Kvinnelege artist | 1979-1993 | Vokalist: 1975-1977 Popsolist: 1997-2002 Kvinneleg popsolist: 2003 | Slått saman med mannleg artist i periodane 1975-1977 og 1997-2002 |
Mannlege artist | 1979-1993 | Vokalist: 1975-1977 Popsolist: 1997-2002 Mannleg popsolist: 2003 | Slått saman med kvinneleg artist i periodane 1975-1977 og 1997-2002 |
Popgruppe | 1978 | Gruppe: 1972-1974 Popgruppe: 1975-1993 Gruppe: 1994-1996 | |
Klassisk musikk | 1991-93, 1995, 1996 | Felles med samtidsmusikk fram til 1994 (2 prisar i 1975) | |
Samtidsmusikk | 1991-93, 1995, 1996 | Felles med klassisk musikk fram til 1994 (2 prisar i 1975) Felles pris med elektronika i 2004 |
Klassar som har vorte oppretta etter fyrste utdeling
Namn i dag | Fyrste utdeling |
Ikkje utdelt | Andre namn på klassen | Merknad |
---|---|---|---|---|
Jazz | 1973 | |||
Folkemusikk/ gammaldans | 1973 | Folkemusikk: 1997, 1998, 2001 | Gammaldans slått saman med danseorkester i 1997 og 1998 Gammeldans ikkje utdelt i 2001 | |
Rock | 1976 | 1977, 1978, 1994 | 2 prisar i 1980 og 1981 | |
Danseorkester | 1996 | Danserokester/ gamaldans: 1997, 1998 | Felles med danseorkester i 1997 og 1998 | |
Hip-hop/RnB | 1996 | Dance/techno: 1996-1997 Dance: 1998-1999 Dance/hip-hop: 2000 Hip-hop: 2001-2004 | ||
Metal | 1997 | Hardrock: 1997-2000 | ||
Elektronika | 2000 | Elektronika/ samtidsmusikk: 2004 | Felles med samtidsmusikk i 2004 | |
Blues | 2001 | Blues/country: 2003, 2004 | Felles med country i 2003 og 2004 | |
Country | 2003 | Blues/country: 2003, 2004 | Felles med blues i 2003 og 2004 Kalla roots & country 1984-1993 |
I 1983 vart Årets spellemann innført som den fyrste tilleggsklassen. Etter det er det vorte innført tre tilleggsklassar. Frå Spellemannprisen 2007 vart prisen årets nykomar utvida til å innehalde eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet blir delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida». I samarbeid med TONO vart det under Spellemannprisen 2008 innført tre klassar for opphavsmenn. I tillegg til tilleggs- og opphavsmennklassane kjem bransjeprisen og spesialprisen/heidersprisen som ikkje blir delt ut fast. Begge prisane vart delt ut ved fyrste utdeling og det er til no delt ut tretten bransjeprisar og 36 spesialprisar/heidersprisar.
Namn i dag | Fyrste utdeling |
Ikkje utdelt | Andre namn på klasse |
---|---|---|---|
Årets spellemann | 1983 | ||
Årets musikkvideo | 1986 | 1987-1998 | Videoprisen 1999, 2000 |
Årets nykomar | 1989 | 1991, 1992 | |
Årets hit | 1994 | Låt 1994-2003 | |
Årets samtidskomponist | 2008 | ||
Årets populærkomponist | 2008 | ||
Årets tekstforfatter | 2008 |
Nokre klassar har kome og gådd. Kortast levetid hadde klassen «korplate» som berre vart delt ut ein gong.
Namn | Periode | Ikkje utdelt | Merknad |
---|---|---|---|
Kor-plate | 1979 | ||
Roots & country | 1984-1993 | 1986 | Blues/country og seinare country vart innført i 2003 |
Kammermusikk | 1991-1996 | 1994 | Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden |
Orkestermusikk | 1992-1995 | 1994 | Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden |
Orkester- og kormusikk | 1991 | Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden | |
Album | 1994-1996 | ||
Artist | 1997-2000 | ||
Underhalding | 1989-1993 | ||
Tidenes norske hit | 2001 | I samband med 30 års jubileum |
I dag står femten artistar som vinnar av fem eller fleire Spellemannprisar. To av dei som har vunne flest prisar, Leif Ove Andsnes og Oslo Filharmoniske Orkester med åtte prisar kvar, har aldri motteke meir enn ein pris same år. Nokre artistar har vunne fleire prisar både som soloartist og med band, til dømes Morten Harket som totalt har vore med å vinne heile tolv prisar, og Gustav Lorentzen som har vunne prisen for seks ulike plater, to av dei med Knutsen & Ludvigsen.
8 prisar
7 prisar
6 prisar
5 prisar
Etterkvart som det er vorte innført fleire tilleggsklassar, har det blitt mogleg å vinne meir enn ein pris same år. The Monroes var dei fyrste til å vinne to prisar same år under utdelinga i 1983. I nyare tid er det ikkje uvanleg at same artist vinn både tre og fire prisar.
Artistar som har vunne fire prisar same år
Artistar som har vunne tre prisar same år
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.